Anne-Marie Nørholm () er ein norsk filmregissør og filmteknikar frå Oslo.

Nørholm har arbeidd med norske filmproduksjonar sidan 1970-talet, og regisserte sin fyrste eigne langfilm i 1998. Dette var filmen om Ole Aleksander Filibom-bom-bom av Anne Cath. Vestly. Nørholm har også hatt suksess med å regissera barne- og ungdomsseriar for NRK. Under utdelinga av Amanda-prisen for 2002 vann ho prisen for beste barne- og ungdomsfilm med fjernsynsserien Tiden før Tim, send på NRK. Fjernsynsserien hennar Johnny og Johanna, også frå NRK, vart nominert i denne klassen i 2004.

Medverkande i

1976: Angst (film) 1978: Det andre skiftet (film, script) 1981: Liten Ida (film) 1982: Krypskyttere (film) 1984: Lars i porten (film, klippar) 1998: Ole Aleksander Filibom-bom-bom (film, regissør) 2002: Tiden før Tim (fjernsynsserie, regissør) 2004: Johnny og Johanna (fjernsynsserie, regissør)

Kjelder

Filmografi av Nørholm på filmweb.no Nørholm på imdb.com Bokmålswikipedia om filmane Lars i porten og Det andre skiftet.

kategori:Norske filmregissørar kategori:Vinnarar av Amandaprisen kategori:NRK-tilsette