«Ego» er ein song av Elton John med tekst av Bernie Taupin. Han vart gjeven ut som ein singel tidleg i 1978, og kom ikkje med på albumet som kom ut seinare på året, A Single Man. Songen vart derimot i 1998 gjeven ut som eit bonusspor på dette albumet.
Singelen gjorde det heller dårleg og nådde 34. plass i både Storbritannia og USA. Det vart laga ein musikkvideo til songen, og var på den tida den dyraste videoen som var laga av sitt slag.
Medverkande Elton John - piano, vokal, synthesizerar, organ Tim Renwick - gitarar Clive Franks - bass Steve Holly - Trommer Ray Cooper - perkusjon, togfløyte Paul Buckmaster - orkesterarrangement
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ego (Elton John song)» frå , den 23. november 2011.
Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar med tekst av Bernie Taupin Kategori:Songar med musikk av Elton John