thumb|John Scofield på Moers Festival (2006). John Scofield () er ein amerikansk jazzgitarist, kjend som ei av dei leiande i verda i sin sjanger. Han har samarbeidd med fleire norske musikarar.
Liv og karriere Scofield blei fødd i Dayton i Ohio og voks opp i Wilton i Connecticut. Elleve år gammal tok han til å spele gitar og spelte i skoleband og ulike rock- og bluesgrupper. Etter at ein lærar gjorde han oppmerksam på Wes Montgomery, Jim Hall og Pat Martino, starta han å spele jazz og frå 1970 til 1973 studerte han jazz ved Berklee College of Music i Boston. Mellom lærarane der var Mick Goodrick og Gary Burton, som Scofield seinare spelte med.
Første gongen jazz-scena blei oppmerksame på Scofield var ein gong han erstatta Goodrick under ein konsert med Gerry Mulligan og Chet Baker i Carnegie Hall. Gjennombrotet i jazzmusikar-kretsar fekk han som medlem i Billy Cobham/George Duke-Band og etter dette fekk han spele med ei rekke namngjetne jazzmusikarar som Charles Mingus, Herbie Hancock, Chick Corea, Joe Henderson (So Near, So Far (Musings for Miles), 1992), Pat Metheny, McCoy Tyner, Bennie Wallace og Jim Hall. Frå slutten av 1970-åra reiste han på turné med Steve Swallow og Adam Nussbaum, og med dei fekk Scofield sitt endelege gjennombrot hos jazzpublikummet.
Frå 1982 og tre og eit halvt år framover samarbeidde han med Miles Davis som var kjend for sin improviserte, funkprega jazz. I Marc Johnson-prosjektet Bass Desires spelte han med gitarkollegaen Bill Frisell. Etter at Scofield underteikna ein kontrakt med Blue Note Records i 1989 (til 1996 og deretter med Verve), starta han og saksofonisten Joe Lovano, ein studiekamerat frå Berkeley, ei gruppe som i kvartett eller kvintett-form høyrde til dei fremste representantane for funkjazzen. Frå 1998 spelte Scofield i ein kvartett med Joe Lovano (ts), Dave Holland (b) og Al Foster (dr), men stod òg på scena med Medeski, Martin & Wood.
I følgje jazzskribenten Richard CookR. Cook Jazz Encyclopedia London 2007; også W. Kampmann Reclams Jazzlexikon Stuttgart 2003 vert Scofield saman med Bill Frisell og Pat Metheny rekna som den fremste og viktigaste jazzgitaristen sidan Wes Montgomery. Metheny og Scofield spelte inn eit duoalbum saman i 1994.
Diskografi mini|John Scofield på Kongsberg Jazzfestival i 2017 1977: East Meets West 1978: Rough House 1980: Bar Talk 1980: Four Keys 1980: Spoons (Who's Who), Sampler 1981: Out Like A Light 1981: Shinola 1982: Solar (zus.mit J.Abercrombie) 1984: Electric Outlet 1986: Still Warm 1987: Blue Matter 1987: Pick Hits - live 1988: Loud Jazz 1990: Flat Out 1990: Time on my hands 1991: Meant to Be 1991: East Coast Blow Out (mit J.Mc Neely, M.Johnson, A.Nussbaum & WDR BigBand) 1992: Grace Under Pressure 1993. Quartet 1993: What We Do 1994: Hand Jive 1994: I can see your House from Here, John Scofield & Pat Metheny 1995: Groove Elation 1996: Quiet 1997: A Go Go 1999: Shortcuts (Jazzpar Combo 1999 - mit Ulrik, Danielsson, Erskine) 2000: Bump 2001: Works for Me 2002: Überjam 2003: Oh! 2003: Up All Night 2004: En route 2005: That's What I Say 2007: This Meets That 2009: Piety Street 2010: 54 2011: A Moment's Peace – (Emarcy)The Guardian vom 19. Mai 2011: A Moment's Peace – Review
Kjelder Denne artikkelen er basert på «» frå , den 25. november 2011.
Referansar
Bakgrunnsstoff Scofield si offisiell heimeside Biografi, diskografi og nyhende på JazzEcho.de Biografi og konsertkritikk på cosmopolis.ch Intervju fra 1991
Kategori:USA-amerikanske jazzgitaristar Kategori:Folk frå Ohio Kategori:Folk frå Connecticut