Alfred McCoy Tyner McCoy Tyner () var ein amerikansk jazz-pianist, komponist og bandleiarJohn Fordham: McCoy Tyner obituary, The Guardian 9. mars 2020 som var kjend for sin store innverknad i John Coltrane Quartet, som han spelte med frå 1960 til 1965, og ein lang solokarriere etterpå. Han blei utropt til NEA Jazz Master og vann fem grammyprisar. Tyner er blitt vidt imitert og er ein av dei meste kjennelege og innverknadsrike jazzpianistane til all tid.

Liv og virke

McCoy Tyner blei fødd 11. desember 1938 i Philadelphia i Pennsylvania i USA som son av Jarvis og Beatrice (f. Stevenson). Han var den eldste i ein ungeflokk på tre. Da han var 13 år oppmoda mora han til å lære seg pianospel, og frå han var 15 heldt han konsertar med jazzgrupper. Han studerte ved West Philadelphia Music School og seinare ved Granoff School of Music.

Tyner blei vidare oppmuntra til å studera piano blei styrka då han møtte bebop-pianisten Bud Powell, ein nabo av Tyner-familien. Ein annan viktig innverknad på spelet til Tyner var Thelonious Monk, som påverka stilen hans med den perkussive tilnærminga si. I tenåra sine leia Tyner si eiga gruppe, The Houserockers.

17 år gamal konverterte han til ahmadiyya og tok namnet Sulaimon Saud, men nytta det opphavlege namnet sitt som artistnamn.

Tyner byrja spela profesjonelt i Philadelphia med lokale artistar som Lee Morgan og Jimmy Heath, og var del av det moderne jazzlivet i byen. John Coltrane og McCoy Tyner møtte kvarandre første gongen i Philadelphia 1955 i, då dei spelte saman på klubben Red Rooster. Dei heldt kontakten og spelte i lag no og då, med ei semje om at om Coltrane nokon gong danna si eiga gruppe, skulle Tyner vera pianisten.Lyons, Len. The Great Jazz Pianists, Da Capo Press, 1983, s. 238.

Frå 1959 spelte han seks månader i The Jazztet med Art Farmer og Benny Golson, og spelte på debutalbumet til gruppa, Meet the Jazztet. På rundt denne tida hadde Coltrane forlate Miles Davis si gruppe og danna sin eigen kvartett, men fordi han var venner med Golson, nølte han med å be Tyner forlata The Jazztet. På oppfordring frå kona si, Naima, spurte Coltrane til slutt Tyner kva han ville gjera.Lyons, s. 238.

John Coltrane Quartet mini|portrett|Mccoy Tyner i 1973.

Etter seks månader med The Jazztet blei han med i John Coltrane Quartet med Coltrane, Jimmy Garrison og Elvin Jones der han hadde ei berande rolle fram til 1965 og medverka på album som A Love Supreme (1964, Impulse!) og Crescent (1964, Impulse!). Elles deltok han på Joe Henderson sitt debutalbum Page One i juni 1963.

Etter Ian Carr si meining var John Coltrane Quartet den mest påverknadsrike kvartetten i jazzhistoria og gir Tyner ein stor del av æra for dette.Carr s. 653. Tyner samarbeidde òg med saksofonisten Wayne Shorter for Blue Note Records, til dømes på albuma Night Dreamer (1964) og gav frå 1962 ut album under eige namn på platemerket Impulse! der Elvin Jones, Art Davis og Jimmy Garrison medverka.

John Coltrane Quartet turnerte nesten utan stopp mellom 1961 og 1965. Gruppa spelte inn fleire album som er blitt rekna som jazzklassikarar, som My Favorite Things (1961) for Atlantic Records og Coltrane "Live" at the Village Vanguard (1962), Ballads (1963), John Coltrane and Johnny Hartman (1963), Live at Birdland (1964), Crescent (1964), A Love Supreme (1964) og The John Coltrane Quartet Plays (1965) for Impulse! Records. Særleg A Love Supreme er allment rekna som eit av dei største jazzalbuma nokonsinne.Lewis, John. 1001 Albums You Must Hear Before You Die, Universe Publishing, 2005, s. 78.

Medan han var medlem i Coltrane si gruppe spelte Tyner også inn eigne album som leiar, mellom anna trioinnspelingar, som debutalbumet hans Inception (1962). Seint i 1962 og i fyrste halvdelen av 1963 bad produsenten Bob Thiele Tyner om å spela inn meir rett-fram jazzalbum som leiar. Desse omfatta Reaching Fourth (1963), Nights of Ballads & Blues (1963), Today and Tomorrow (1964) og McCoy Tyner Plays Ellington (1965).

Tyner opptredde også som sidemann på mange Blue Note Records-album frå 1960-talet, mellom anna klassiske innspelingar med Freddie Hubbard, Wayne Shorter og Joe Henderson. Han blei ofte kreditert som «etc.» for å respektera kontrakten hans med Impulse!.

Tyner sitt samarbeid med Coltrane ende i 1965. Musikken til Coltrane var i ferd med å bli mykje meir atonal og fri; han hadde også utvida gruppa si med perkusjonistar som truga med å drukna ut både Tyner og Jones, som forlet gruppa året etter. Tyner sa: «Eg såg ikkje for meg at eg kunne bidra til den musikken... alt eg kunne høyra var mykje bråk. Eg hadde ikkje noka kjensle for musikken, og når eg ikkje har kjensler, speler eg ikkje.» Alice Coltrane erstatta Tyner som pianist for gruppa. Før dette hadde ikkje Coltrane nytta nokon annan pianist dersom Tyner ikkje var tilgjengeleg; han var den einaste pianisten som akkompagnerte Coltrane frå 1960 til 1965.

Seinare solokarriere I 1966 øvde Tyner i lag med ein ny trio og byrja ein karriere som bandleiar.Porter, John Coltrane: His Life and Music, s. 268. I byrjinga gjorde mangel på jamt arbeid til at han tenkte på å ta ein fast jobb for å støtta familien sin, og han forhøyrde seg om å bli taxisjåfør.Lyons, s. 239. Etter kvart fekk Tyner etablert seg som levedyktig soloartist ved hjelp av ei rad post-bop-album som Blue Note gav ut mellom 1967 og 1970. Desse inkluderte The Real McCoy (1967), Tender Moments (1967), Time for Tyner (1968) med vibrafonisten Bobby Hutcherson, Expansions (1968) og Extensions (1970).

Frå 1966 turnerte McTyner som bandleiar og solist i sin eigen trio/kvartett i USA, Europa og Japan. På denne tida samarbeidde Tyner med Ike og Tina Turner, Jimmy Witherspoon og andre. I 1967 kom det epokegjerande albumet The Real McCoy på Blue Note Records, med Joe Henderson, Ron Carter og Elvin JonesI Jazz Rough Guide skreiv Ian Carr at The Real McCoy er «eit av dei mest perfekte album på slutten av 1960-åra. Cook og Morton reknar det til McCoy Tyner sine beste verk og gir det beste karakter.»

mini|portrett|McCoy Tyner i 1981.

På starten av 1970-åra gjekk Tyner over til jazzprodusenten Orrin Keepnews sitt merke Milestone Records. Han utvikla eit særs godt samarbeid med Keepnews, som tidlegare hadde samarbeid nært med Thelonious Monk og Bill Evans.«McCoy Tyner / NEA Jazz Master (2002)». Smithsonian Institution, 7. desember 2011. Vitja 20. juni 2025. Det fyrste albumet på dette merket, Sahara, gav han dei fyrste to grammynominasjonane hans og blei kåra til «Album of the Year» av DownBeat-meldarar. Tyner spelte inn totalt 19 album for merket, som soloalbumet Echoes of a Friend (1972) vigd John Coltrane, Enlightenment (1973, med Azar Lawrence) og Song of the New World (1973) og Fly with the Wind (1976), begge med fløytisten Hubert Laws, ulike andre blåseinstrument og fullstendige strykeseksjonar.

Tyner sine innspelingar for Blue Note og Milestone tok ofte musikken til Coltrane Quartet som utgangspunkt. Tyner nytta også element frå afrikansk og austasiatisk musikk. På Sahara spelte han koto i tillegg til piano, fløyte og perkusjon. På trioinnspelinga Trident (1975), med bassisten Ron Carter og Elvin Jones, spelte Tyner cembalo og celesta, instrument ein sjeldan høyrde i jazz. Til skilnad frå mange jazz-keyboardistar av sin generasjon nytta Tyner sjeldan tangentfjøl eller synthesizer. Han sa: «For meg har elektronsike instrument meir av ein kunstig klang. Eg kunne ikkje fungera kjenslemessig med dei.»

I 1978 spelte han i Milestone Jazzstars med blant andre Sonny Rollins, Ron Carter og Al Foster. I 1982 spelte Tyner og fleire andre kjende jazzpianistar på minneinnspelinga Bill Evans: A Tribute (Avion Records). Han spelte ein 8 ½ minutt lang soloversjon av Evans sin «We Will Meet Again».Bill Evans: A Tribute, Avion Records AVCD-311, recorded 1982, released on CD in 1992.

På 1980- og 1990-talet spelte Tyner med ein trio som hadde Avery Sharpe på bass og Louis Hayes, og seinare Aaron Scott på trommer.

I 1988 kom storbandproduksjonen Uptown/Downtown med Kamau Muata Adilifu, Howard Johnson, Robin Eubanks og Steve Turré. I 1989 gjekk Tyner tilbake til Blue Note og spelte inn Ellington-albumet Things Ain't That What They Used to Be (delvis i duo med George Adams og John Scofield). Han spelte også inn ein trilogi av solo- eller solo-med-gjestar-album for Blue Note, frå Revelations (1988) til Soliloquy (1991). Han spelte inn eit duoalbum med Bobby Hutcherson, Manhattan Moods, i 1993.

mini|McCoy Tyner med Ravi Coltrane i 2005.

Etter to album for Impulse! gjekk Tyner over til Telarc. Mellom 1998 og 2003 spelte han inn eit album med latinomusikk, eit trioalbum med Stanley Clarke og Al Foster, eit soloalbum til ære for andre jazzpianolegender frå Earl Hines til Keith Jarrett, eit nytt album med Hutcherson og til slutt eit kvintettalbum, Illuminations, med Terence Blanchard og Gary Bartz. Dei siste tre albuma til Tyner blei spelte inn for McCoy Tyner Music under Half Note Records. Desse omfatta Quartet, ei kvartettinnspeling med Joe Lovano, Guitars eit album med fleire gjestegitaristar frå Bill Frisell til Derek Trucks, og eit solokonsertalbum, Solo: Live from San Francisco.

mini|McCoy Tyner i Jazz Alley i Seattle i 2012. Tyner stoppa å spela inn musikk i 2007, 13 år før han døydde. Han heldt fram med å spela konsertar ei stund etter dette, men trekte seg så tilbake utan fanfare.

Han døydde heime i Bergenfield i New Jersey, 6. mars 2020. Han var 81 år gammal.

Musikkstil I tillegg til Powell-brørne var Thelonious Monk og Art Tatum tidlege inspirasjonskjelder, men han utvikla allereie i tida med Coltrane-kvartetten ein helt eigen og stilskapande identitet.

Den maksimalistiske spelestilen til Tyner utvikla seg i tett kontakt med Coltrane. McCoy Tyner sin pianostil kan samanliknast med den maksimalistiske saksofonstilen til Coltrane.[ Allmusic Biography] Sjølv om han berre var medlem av Coltrane si gruppe, blei han aldri overskygga av saksofonisten; han komplementerte og inspirerte Coltrane si opne tilnærming. John Coltrane lovprisa den særeigne stilen til Tyner:

...den største givnaden hans er ein melodisk innfallsrikdom, […] klårleiken til ideane hans. Han får fram ein svært personleg klang frå dette instrumentet og på grunn av dei klangklyngene [cluster] han brukar og måten han gir dei sitt eige preg, er sounden lysare enn ein kunne vente ut frå dei akkordmønstra han spelar. I tillegg har McCoy ein uvanleg godt utvikla formsans både som solist og akkompagnatør. I gruppa vår bygger han alltid sin eigen struktur for kvar låt.

Coltranebiografen Bill Cole meinte at Tyner tidleg lukkast med å skape «ei syntese av Garland, Monk og Wynton Kelly»; «Han har ei sterk venstrehand og viste tidleg sin dugleik i å akkompagnere med svært oppfinnsame harmoniar».sitert etter Kunzler, s. 1206.

Kollegaen Richie Beirach la vekt på det stildannande elementet frå stride piano-stilen i Tatum-skolen: McCoy tok stride-pianoet som sitt stilistiske hovudelement – med kvintane i bassen og akkordane i midten av klaviaturet. Det er kva eg kallar innovasjon, når ein tek noko frå fortida og arbeider det inn i samtidsvokabularet.

Den tyske jazzbassisten og musikkskribenten Martin Kunzler analyserte Tyner sine nyvinningar: Han frigjer harmonikken frå si tonikale formbinding. Han set funksjonsharmonikken opp mot eit nytt modalt […] grunngjeve harmonisk konsept. Omdanninga gir ei lineær toneorganisering i vertikalen og forlenginga av ho som gjer det mogleg for pianisten å skape eit betydeleg improvisatorisk frirom for seg og solistane.

Avery Sharpe, som spelte med Tyner i 26 år, sa om han: Han kunne spela bak songarar, han kunne spela bak alle, fordi han var verkeleg svært følsam. Måten han kompa bak bassoloane mine var superfølsam. Samtidig kunne han spela alle av scenen om du ville ha han til å få opp energinivået. Eg har vore i situasjonar med fleire stjerner der alle fyrane har ego, men dei ville alle sjå over på McCoy og tenkja, «Han er toppen. Me er alle store utøvarar, men han er toppen.»