The Very Best of Elton John er eit samlealbum av Elton John, som kom ut i oktober 1990. Det var det første samlealbumet hans som spende over heile karrieren hans og det fjerde offisielle samlealbumet hans totalt. Det vart gjeve ut i mange andre land, men ikkje i USA.
Albumet inneheld songar frå det andre albumet hans, Elton John i 1970 til det nyaste albumet Sleeping with the Past i 1989. Etter den store hitten som «Sacrifice»/«Healing Hands» vart, vart albumet det tredje mest selde i Storbritannia i 1990 og vart ein stor hit i landet. Det låg to veker på førsteplassen på albumlista, og så ni veker på andreplassen. I alt låg albumet 145 veker inne på Topp 200 i Storbritannia og selde til platinaplate der i mars 1995. I Noreg låg albumet på toppen av VG-lista i heile 15 veker og totalt 32 veker inne på Topp 40.
Det inneheldt totalt 28 hitsinglar og dei nye songane «Easier to Walk Away» og «You Gotta Love Someone», som òg gjekk inn på listene mellom 1990 og 1991.
Det vart òg gjeve ut ei musikkvideosamling, som opphavleg vart gjeven ut på både laserdisc og VHS, og sidan på DVD.
Innhald
Musikkvideosamling "Your Song" (Top of the Pops 1971 konsertopptak) "Daniel" (tysk konsertopptak 1973) "Goodbye Yellow Brick Road" (Top of the Pops 1973) "Don't Go Breaking My Heart" (med Kiki Dee) "Sorry Seems to Be the Hardest Word" (BBC Live Christmas Show) "Rocket Man (I Think It's Going to Be a Long Long Time)" (konsertopptak Wembley 1977) "Blue Eyes" "I Guess That's Why They Call It the Blues" "I'm Still Standing" "Kiss the Bride" "Sad Songs (Say So Much)" "Passengers" "Nikita" "Wrap Her Up" "Candle in the Wind" (konsertopptak Australia 1986) "Saturday Night's Alright for Fighting" (Prince's Trust 1987) "I Don't Wanna Go on with You Like That" "Philadelphia Freedom" (konsertopptak Verona 1989) "Sacrifice" "You Gotta Love Someone"
Lister Liste (1990)PlasseringAusterrike1Frankrike Find "Elton JOHN" under the drop-down menu to see statistics.1Tyskland2New Zealand1Noreg1Sveits1Storbritannia1 Liste (1991)PlasseringAustralia1Nederland5Sverige1 Liste (1995)PlasseringBelgia (Flandern)28Belgia (Wallonia)17
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Very Best of Elton John» frå , den 9. desember 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum frå 1990 Kategori:Elton John-album