mini|Batekfolk, ei semanggruppe som held til i den malayiske regnskogen og tradisjonelt har livnært seg av jakt og sanking. Orang asli ('opphavlege folk') er ei malayisk nemning for urfolk, og viser til opphavlege folkegrupper på Malayahalvøya i Malaysia.
Dei blir tradisjonelt delt inn i tre grupper, som igjen har fleire stammar: Semang (eller negrito), hovudsakleg frå nord på halvøya Senoi frå sentrale område, som er den største gruppa Proto-malayar (melayu asli, melayu purba) frå sørlege område
Orang asli snakkar anten asli-språk, eit mon-khmer-språk i den austroasiatiske språkfamilien, eller malayiske aboriginarspråk. Dei fleste kan også malayisk.
I 2004 utgjorde orang asli 0,6 % av innbyggjarane i Malaysia. Dei talde då 149 512 personar. På den same tida blei 76,9 % av dei rekna som fattige, samanlikna med 6,5 % blant alle malaysiarar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Orang Asli» frå , den 12. desember 2011.
Kategori:Malaysia Kategori:Urfolk