Leitar du etter Trondheimsavisa Ny Tid (tufta 1899), der mellom anna Martin Tranmæl arbeidde?

Ny Tid (tidlegare Orientering) er eit månadleg nyhendemagasin med opphavleg grunnlag i den politiske venstresida (SV). Hovudkontoret ligg i Oslo. Fram til 2006 vart Ny Tid publisert som vekeavis, men etter å ha vorte kjøpt opp av Damm forlag på våren 2006, vart publikasjonen relansert som det første sjølvstendige nyhendemagasinet i Noreg, om lag ein månad før Memo.

Opplaget i 2002 var på 4 834 eksemplar. Opplaget i 2005 var på 4 199 eksemplar, og av desse vart berre 28 seld i laussal. Overgangen til nyhendemagasin heva laussalet av Ny Tid kraftig, og i 2006 blei avisa opplagsvinnar med eit godkjent opplag på 9258 eksemplar.

Historie Orientering Publikasjonen kom ut første gong i desember 1953, som avisa Orientering. Avisa vart grunnlagd av medlemer på venstresida i Arbeidarpartiet (oftast vist til som «krinsen kring Orientering» eller «Orienteringskrinsen»), og tok særleg opp utanrikssaker.

Orienteringskrinsen meinte at synspunkt som var kritiske til NATO og vestleg kapitalisme generelt ikkje kom godt nok fram i tradisjonelle norske media. Krinsen vart kjend for det «tredje standpunkt» på venstresida og stilte seg i mellom (og i sterk kontrast til) kommunistane i NKP og sosialdemokratane i Arbeidarpartiet, som krinsen meinte hadde gått for langt mot høgre, og hadde ein ufri intern ordskiftekultur.

I 1961 vart Sosialistisk Folkeparti (SF) tufta av utbrytarar frå Arbeidarpartiet, med utgangspunkt i krinsen kring Orientering. Årsaka var at Arbeidarpartiet same året hadde gjort eit programvedtak på landsmøtet som syntes å kunne opne for utplassering av atomvåpen på norsk jord. Orientering vart då eit uoffisielt partiorgan for SF.

Av framtredande personar i Orienteringskrinsen er verdt å nemne Karl Evang, Sigurd Evensmo og Finn Gustavsen. Krinsen vart òg støtta av eldre sosialdemokratar frå arbeidarrørsla, som til dømes Christopher Hornsrud.

SV og Ny Tid Då Sosialistisk Venstreparti (SV) vart tufta i 1975 gjekk SF inn i partiet, og Orientering endra namn til Ny Tid for å halde fram som partiorgan for SV. Namnet Ny Tid var ei oppattkalling etter namnet på ei arbeidaravis i Trøndelag i første delen av førre hundreåret, der mellom andre Martin Tranmæl var medarbeidar (les: Ny Tid (1899-1939).

Ny Tid har ikkje lenger organisatoriske band til SV, men partiet var største aksjonær i avisa (12,5 %) heilt fram til oppkjøpet frå Damm forlag i 2006.

Ny Tid i nyare tid Redaktør i 2004 var Anders Horn. I 2005 gjekk Horn av som redaktør, og begynte som politisk journalist i Klassekampen. Dag Herbjørnsrud tok over, men gjekk frå stillinga våren 2006. Martine Aurdal vart tilsett som ny redaktør.

I 2006 vart Ny Tid kjøpt opp av forlaget N.W.Damm & Søn AS (Damm Forlag), og relansert som det første nyhendemagasinet i Noreg, med Newsweek som førebilete. Oppkjøpet førte til stor debatt på heile venstresida, og den profilerte Ny Tid-skribenten, SV-aren og EU-kritikaren Dag Seierstad gjekk over til å skrive for Klassekampen.

Opplag Netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening: 1979: 16 267 1980: 15 117 1981: 15 662 1982: 15 474 1983: 14 722 1984: 14 945 1985: 13 482 1986: 12 659 1987: 10 877 1988: 9 803 1989: 9 071 1990: 8 021 1991: 8 212 1992: 8 155 1993: na 1994: 6 950 1995: 5 704 1996: 5 593 1997: 4 722 1998: 4 772 1999: 4 095 2000: 3 939 2001: 4 599 2002: 4 834 2003: 4 519 2004: 4 199 2005: 4 320

Som magasin: 2006: 9 258 2007: 7 671 2008: 4 811 2009: 4 774 Utviklinga i Ny Tids nettoopplag.

Bakgrunnsstoff Nytid.no Medieregisteret.no: Ny Tid Martine Aurdal ny redaktør i Ny Tid på http://www.dagbladet.no Propaganda-as.no: Damm kjøper Ny Tid

Kategori:Aviser i Oslo Kategori:Norske riksdekkjande aviser Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Skipingar i 1953 Kategori:Norske månadstidsskrift‎