Birthe Wilke () er ein dansk songar.
Saman med Gustav Winckler vann ho Dansk Melodi Grand Prix 1957 og representerte Danmark i Eurovision Song Contest 1957 med songen «Skibet skal sejle i nat». Dei enda på ein tredjeplass, og avslutta songen ved å kysse i heile 13 sekund. Ho vann og Dansk Melodi Grand Prix 1959 og representerte Danmark i Eurovision Song Contest 1959 med songen «Uh, jeg ville ønske, jeg var dig». Denne gongen enda ho på ein femteplass.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Birthe Wilke» frå , den 20. desember 2011.
Kategori:Danske songarar Kategori:Dansk Melodi Grand Prix-deltakarar Kategori:Dansk Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1957-deltakarar