Omleiringa av Pensacola var to separate forsøk i 1707 av engelsk-støtta Creek-indianarar på å erobre byen og festninga Pensacola, den eine av to store busetjingar i Spansk Florida (den andre var St. Augustine). Åtaka var ein del av Dronning Anne-krigen (den nordamerikanske krigsskodeplassen i den spanske arvefølgjekrigen), og førte til at byen vart brend ned, og det meste av den indianske folkesetnaden flykta. Fortet stod derimot imot åtaka.

Den første omleiringa, i august 1707, førte til at byen vart øydelagd, men Fort San Carlos de Austria klarte å stå imot. Seint i november 1707 nådde eit nytt tokt fram, og prøvde seg tre netter på rad, før dei trekte seg attende. Pensacola-guvernør Don Sebastián de Moscoso, som hadde lite folk i garnisonen på grunn av sjukdom, henta inn dømde kriminelle til å hjelpe til med forsvaret av fortet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Siege of Pensacola (1707)» frå , den 23. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konfliktar i 1707 Pensacola Pensacola Pensacola 1707 Pensacola 1707 Kategori:Historia til Florida