Anne Marie David () er ein songar og Eurovision-vinnar frå Casablanca i Fransk Marokko.
Karriere
David starta karrieren sin då ho flytte til Paris som attenåring og fekk roller i musikalar; m.a. spelte ho Maria Magdalena i Andrew Lloyd Webber sin Jesus Christ Superstar i 1972. Same året deltok ho i den franske versjonen av Melodi Grand Prix.
I 1973 vart det bestemt at David skulle representera Luxembourg i Eurovision Song Contest 1973, med songen «Tu te reconnaîtras». Songen vann med 129 poeng, seks poeng framfor det britiske bidraget «Power To All Our Friends» med Cliff Richard.
Etter dette budde ho ein periode i Tyrkia der ho jobba som musikar. Ho deltok i Eurovision Song Contest 1979, denne gongen for Frankrike med songen «Je suis l'enfant soleil». Her enda ho på ein tredjeplass.
Anne-Marie David budde også i Noreg ein periode der ho virka som musikar.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Anne-Marie David» frå , den 23. desember 2011.
Kategori:Franske songarar Kategori:Franske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Luxembourgske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar