mini|Marinelue frå KNM «Sleipner». KNM «Sleipner» var ein korvett i Sleipner-klassen og vart teke i bruk (heiste kommando) 29. april 1965 med orlogskaptein Axel R. Haglund som skipssjef.

KNM «Sleipner» var det første fartøyet i den nye Sleipner-klassen, og vart bygd på Nylands mekaniske verksted. Båten vart nytta fram til det vart utfasa i 1992. Etter dette gjekk båten i opplag, før den vart senka i 2002 i ei øving med overflatemål. Missiltorpedobåten KNM «Jo» stod for senkinga med ein torpedo av typen TP 613. Vraket av KNM «Sleipner» ligg no på djupt hav ved Trænabanken vest for Nordland.

Fakta Deplasement: 780 tonn Toppfart: 20 knop Besetning: 63 mann

Ved utfasinga var KNM «Sleipner» væpna med 1 3” kanon 1 40 mm Bofors kanon Anti-ubåt-torpedoar TERNE III A/U-raketter

Sjå òg KNM «Sleipner», ein jagar frå andre verdskrigen KNM «Æger», søsterskipet åt KNM «Sleipner»

Kategori:Norske korvettar Kategori:Skip frå 1965 Kategori:Skip sluttsegla i 2002