Svein Krøvel () var ein norsk prisvinnande filmfotograf som laga spelefilmar og dokumentarar. Han medverka i over 40 spelefilmar.

Karriere

Svein Krøvel fekk utdanninga si på slutten av 1960-talet hjå dokumentarfotografen Christer Strømholm. Strømholm hadde kort tid tidlegare starta opp Fotoskolan i Stockholm. Krøvel starta deretter som B-fotograf, m.a. i filmane Olsenbanden - Operasjon Egon (1968), og Smuglere (1968). Frå 1980-talet arbeidde Krøvel som hovudfilmfotograf, og han debuterte i I ungdommens makt (1980).

Svein Krøvel fekk sitt kunstnariske gjennombrot med den prisvinnande X (1986) av Oddvar Einarson. Etter dette har han vore fotograf for ei rekkje norske filmar, m.a. Lars i porten (1984), Karachi (1989), Stella polaris (1993), Markus og Diana (1996), Brent av frost (1997), Bare skyer beveger stjernene (1998), Dei mjuke hendene (1998), Heftig og begeistret (2001), Elling (2001) og Alt for Egil (2004).

For filmfotograferinga si i Karachi (1989) av Oddvar Einarson fekk Svein Krøvel fagprisen under utdelinga av Amandaprisen i 1989.

I tillegg til samarbeidet med Oddvar Einarson, jobba Krøvel også mykje med filmregissørane Petter Næss og Knut Erik Jensen. Dei seinaste åra var Krøvel også filmfotograf for utanlandske filmar, som den svenske barnefilmen Tsatsiki - Vänner för alltid (2001) og islandske Veðramót (2007).

Krøvel døydde etter kort tids kreftsjukdom i 2011.

Kjelder

Foreningen Norske Filmfotografer: Svein Krøvel har gått bort. Svein Krøvel på Imdb.com

Engelsk Wikipedia om Svein Krøvel, henta inn 2. januar 2011.

kategori:Vinnarar av Amandaprisen kategori:Norske filmfotografar