Olivin ( er eit isomorft blandingsmineral mellom forsteritt (Mg2SiO4) og fayalitt (Fe2SiO4). Forsteritt er som oftast dominerande i olivin. Namnet kjem av den olivengrøne krystallfargen til mineralet, men mineralet får ein gulbrun farge ved forvitring.
Skildring Olivin er sprøtt og glasliknande.Norges geologiske undersøkelse: «Olivin» . Lese 9. desember 2012. Bergarten er ultrabasisk (pH rundt 9), tung (masse om lag 3,3 kg/dm³) og hard, men kan likevel forvitre lett ved kjemisk nedbryting. Jorda som blir danna av forvitra berg inneheld mykje krom, kobolt, jern, magnesium og nikkel, medan gjødningsstoff som fosfor, kalium og nitrogen manglar.Holtan, D. 2008: Olivinskogene i Norge – en oppsummering av status og verdi. Møre og Romsdal fylke, areal- og miljøvernavdelinga. Rapport 2008: 06.
Olivin går over til serpentin. Forvitra (oksidert) olivin eller serpentin er synleg som raudbrune bergnabbar som er typisk for område med mykje olivin, til dømes i Norddal der namn som Raudnakken og Raudbergvika (Robbervika) vitnar om olivin i berggrunnen.Kleiva, Ivar (1976): Grunn og gror. Norddal bygdebøker, III. Kallskaret i Tafjord er ein verna geologisk førekomst. Namnet kjem av «Kallen», ein høg stake av olivin. mini|venstre|upright=0.7|Olivinutvinning i Robbervika (midt i biletet) ved Sunnylvsfjorden.
Førekomst I Noreg er det særleg mykje olivin på Nordvestlandet i eit belte frå Måløy og Åheim ved Stadlandet til Tafjord på indre Sunnmøre.Norges geologisk undersøkelser. «Kart over mineralressurser» . Lese 9.12.2012. Åheim på ytre Sunnmøre har verdas største olivinproduksjon.Geoportalen: Olivenstein, lese 9.12.2012. Det er også olivinutvinning ved Bryggja i Nordfjord og i Robbervika i Norddal. I Svarthammaren i Dalsbygda i Norddal vart det brote olivin fra omkring 1920 til 1979, produksjonen var på det meste 600 tonn i døgnet. I Robbervika (Raudbergvika), også i Norddal, har det frå 1984 vore henta ut olivin i eit stort dagbrot.Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år. Valldal: Norddal kommune. I 1991 vart det frå Robbervika skipa ut olivin til ein førstehandsverdi på omkring 30 million kroner.Grytten, Harald (1992): Georg Stokke - slik jeg husker det. Utgitt av Stokke industrier.
Olivin er eit av dei viktigaste industriminerala i Noreg, og landet står for omkring 50 % av verdsproduksjonen. Mineralet er nyttig i industrien mellom anna på grunn av høgt smeltepunkt, termisk stabilitet og stor varmekapasitet. Olivin blir mellom anna brukt ved framstilling av råjern (olivin bind slaggstoff i jernmalmen), som støypesand og i eldfast stein.Norges geologiske undersøkelse: «Olivin» . Lese 9.12.2012. Olivin blir også nytta til å binde giftige tungmetall til dømes i ureina fjordar og i søppelfyllingar på grunn av god evne til å ta opp og binde ulike tungmetall. Totalt blir det produsert om lag 3,3 million tonn olivin i Noreg kvart år med ein eksportverdi på om lag 300 millionar kroner (tal for 2003).Neeb, P.R. 2004: Mineralindustrien i Norge, Bergindustrien 2003. NGU rapport 2004.031. Olivin og serpentin har også vore nytta som bryne og slipestein. Frå Skrenakkhammaren ved Raudbergvika i Norddal vart det tidlegare laga brynestein av glimmerhaldig olivin.Helland, Amund (1911): Topografisk-statistisk beskrivelse Romsdals amt. Første del, s.142. Kristiania: Aschehoug.
Mineral i olivingruppa
Forsteritt Mg2SiO_4 Fayalitt Fe2SiO_4 Knebelitt (Fe,Mn)2SiO_4 Tefroitt Mn2SiO_4 Liebenbergitt (Ni,Mg)2SiO_4 Monticellitt CaMg SiO_4
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Jernmineral Kategori:Magnesiummineral Kategori:Nesosilikat Kategori:Ortorombiske mineral
