Den vilhelminske krigen i Irland, også kjend som dei jakobinske irlandskrigane og på irsk Cogadh an Dá Rí ('dei to kongars krig'), viser til krigane som følgde i kjølvatnet av avsetjinga til Jakob II av England i 1688. Kongen prøvde å ta att makta frå si protestantiske dotter Maria II og mannen hennar, Vilhelm av Oranje. Den overlegne sigeren til Vilhelm over jakobittane i Irland, og dei mindre opprøra deira i Skottland og England, førte til framhaldet av engelsk protestantisk dominans over Irland i eit hundreår. Dei vilhelminske sigrande ved omleiringa av Derry og slaget ved Boyne er blitt feira fram til våre dagar av unionistiske rørsler i Nord-Irland. Den vilhelminske krigen i Irland var ein del av niårskrigen.
Kjelder
Kategori:Niårskrigen Kategori:Irsk historie Kategori:Jakobittaropprøra Kategori:Irske krigar Kategori:Franske krigar Kategori:Engelske krigar Kategori:Skotske krigar Kategori:Krigar med Dei sameinte Nederlanda