mini|Eksponentialfunksjonen (i blått) og summen av dei første n+1 ledda i Maclaurin-potensrekkja (i raudt). Ei potensrekkje (i ein variabel) er i matematikk ei uendeleg rekkje på forma

der an syner til koeffisienten til det n-te leddet, c er ein konstant og x varierer kring c. Denne rekkja oppstår som regel som ei Taylor-rekkje av ein kjend funksjon.

I mange situasjonar er c lik null, til dømes når ein ser på ei Maclaurin-rekkje. I somme tilfelle har potensrekkja den enklare form:

Desse potensrekkjene vert studert i matematisk analyse, men òg i kombinatorikk (under namnet genererande funksjonar) og i elektroteknikk (med namnet Z-transformasjon). Desimalnotasjonen for reelle tal kan òg reknast som eit døme på ei potensrekkje, med heiltalige koeffisientar, men med argumentet x fast på . I talteori er omgrepet p-adiske tal òg nært knytt til potensrekkje.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Power series» frå , den 2. februar 2012.

Kategori:Reell analyse Kategori:Kompleks analyse Kategori:Multivariat analyse Kategori:Matematiske rekkjer