Stausee Gibidum (Gibidum-reservoaret) er eit reservoar i kantonen Valais i Sveits. Han har eit overflateareal på 0,21 km² og ligg mellom kommunane Naters og Riederalp.
Bygginga av demninga starta i 1964 og var ferdig i 1967. Kvelvdammen har ei høgd på 122 m og ei bogelengd på 327 m.
Han må ikkje forvekslast med Gebidumsee, som er ein naturleg innsjø.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stausee Gibidum» frå , den 4. februar 2012.
Bakgrunnsstoff Swiss Dams: Gebidem
Kategori:Innsjøar i Valais Kategori:Reservoar i Sveits Gebidem