Alicia Augello Cook, kjend som Alicia Keys () er ein svært prisløna USA-amerikansk R&B- og soulartist og skodespelar. Ho voks opp som einebarn i Manhattan i byen New York.

Biografi

Det fyrste albumet hennar fekk tittelen Songs in A Minor «Songar i a-moll», og kom ut i juni 2001. Til å vera debutalbum vart dette enormt populært; det selde over 6 millionar eksemplar i USA åleine, og 12 millionar på verdsbasis. Fleire singlar vart laga av songane, og den mest kjende av desse er hit-en «Fallin'». Alicia Keys vann imponerande fem Grammy-prisar for dette albumet.

Artisten fylgde opp med The Diary of Alicia Keys; «Alicia Keys si dagbok» i desember 2003, og suksessen heldt fram. Dette albumet vann 4 ho fire Grammy-prisar for, og singelen «If I Ain't Got You» vart populær. Etter dette spelte Alicia Keys inn ein cd som fekk tittelen Unplugged (2005), dvs. utan bruk av forsterkarar og elektroniske instrument.

I 2007 debuterte ho som skodespelar i spelefilmen Smokin' Aces, der ho spelte mot Ben Affleck og Andy Garcia. I november same året kom det tredje studioalbumet hennar, As I Am ut. Også dette vann ho Grammy for. Hennar fjerde album heiter The Element of Freedom og vart utgjeve i 2009. I 2010 vart ho gift med rapparen Swizz Beatz, og dei fekk ein son saman same året.

Som skodespelar har ho også hatt ei stor rolle i filmen Bienes hemmelige liv frå 2008. Det kan også nemnast at ho har samarbeidd med Jay-Z på hip-hopsingelen «Empire State of Mind».

Diskografi

Songs in A Minor (2001) The Diary of Alicia Keys (2003) Unplugged (Live, 2005) As I Am (2007) The Element of Freedom (2009) Girl on Fire (2012)

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Alicia Keys» frå , den 7. februar 2012.

kategori:Musikarar frå New York City kategori:Grammy-vinnarar kategori:USA-amerikanske skodespelarar