mini|Ekebergrestauranten i Ekebergåsen i Oslo. Ekebergrestauranten er eit kulturminne og har nummer 87639 i Riksantikvarens kulturminnebase. mini|Horngården på Egertorget. Horngården er eit kulturminne og har nummer 86145 i Riksantikvarens kulturminnebase.
Lars Thalian Backer () fødd og død i Oslo var ein norsk arkitekt og son av Herman Backer.Lars Backer i Norsk biografisk leksikon Han er kjend for sine funksjonalistiske arbeid, og var ein pioner for modernismen i norsk arkitektur på 1920-talet.
Backer studerte ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Christiania under Herman Major Schirmer. Seinare utdanna han seg vidare han ved Kungliga Tekniske Högskolan i Stockholm. Backer opna eigen praksis i Oslo i 1921.
Av dei tidlegaste arbeida hans er ein villa i Drammensveien 88 C i Oslo reist i 1926 i italiensk-inspirert nyklassisisme. Backer mottok Sundts premie for 1926 for dette arbeidet.Sundts premie frå Arkitektur.no Bygningen vert no nytta som ambassade.
I 1926 samarbeidde Backer med Kristen Tobias Rivertz som hadde oppgåva med å teikne Frogner kino i Oslo. Interiøret blei teikna av Platou.Geir Tandberg Steigan: Lars Thalian Backer frå Artemisia Året etter stod han for ei gjennomgripande ombygging og utviding av Olympen restaurant som var teikna av faren. Same år teikna han også Skansen restaurant på Kontraskjæret i skråninga ned mot Pipervika i Oslo. Bygningen blei rekna som Noregs første funksjonalistiske bygg. Han blei riven i 1970.
mini|Backer si grav på Vestre gravlund i Oslo; minneplata syner dei viktigaste verka hans Ekebergrestauranten blei reist for Oslo kommune 1927-1929 og er eit av de finaste eksempla på klassisk funksjonalisme i Noreg. Han er bygd i betong med flatt tak, store vindusflater med ruter, terrasse og eit bua inngangsparti i eit lågt hjørnetårn. Etter fleire år med forfall vart bygningen pussa opp og opna att i 2005.
Et av dei siste store prosjekta til Backer var Horngården på Egertorget i Oslo frå 1929-1930. Bygningen vert kalla Noregs første skyskrapar. Etter planane skulle bygningen ha 13 etasjar, men det blei kutta ned til 8 etter fleire protestar. Backer fekk ikkje sett det ferdige resultatet då han plutseleg døydde 38 år gamal. Bygningen vart ferdigstilt av medarbeidaren F.S. Platou. Bygningen fekk Sundts premie for 1930.
I 1929-1930 stod Backer også for ei utviding og ombygging av Stavanger Museum. Oppgåva hadde han fått etter ei arkitektkonkurranse i 1921. Kjelder
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske arkitektar