thumb|300px|Elkem Bjølvefossen i 2007. Foto: Thomas Andersen.
Elkem Bjølvefossen er eit norsk metallsmelteverk som ligg i Ålvik i Kvam herad ved Hardangerfjorden.
Historie
Verksemda vart starta opp i 19. mars 1905 under namnet Bjølvefossen A/S for å utnytta vasskrafta i Ålvik. I 1918 var Bjølvo kraftverk ferdigbygd for å gje kraft til Bjølvefossen A/S, og føretaket starta no med produksjon av kalsiumkarbid. I 1925 vart det skipa eit elektro-metallurgisk smelteverk her som produserte ferrosilisium og ferrolegeringar til internasjonal metallindustri. Firmaet Elkem overtok aksjemajoriteten i 1986, og frå og med 2000 eigde dei 100 % av aksjane.
Produksjon Elkem Bjølvefossen har i dag ca 150 tilsette og 2 elektriske reduksjonsomnar. I tillegg til ferrolegeringane produserer smelteverket også MicroSilika, silika-støv som opphavleg var eit avfallsstoff frå produksjonen. Ved hjelp av ny reinseteknologi kan stoffet i dag nyttast både i bygningsplater, kosmetikk og kontaktlinser. Elkem Bjølvefossen produserer om lag 60.000 tonn ferdig produkt i året. Smelteverket har også energiattvinning.
Elkem Bjølvefossen i dag Elkem Bjølvefossen vart truga av nedlegging i 2006.Stortinget.no: Møte, onsdag 24.05.06 Verksemda har likevel klart å halda det gåande, og er per i dag ikkje nedlagt. Eigaren Elkem blei i januar 2011 kjøpt opp av kinesiske China National Bluestar. I desember same året måtte Elkem stansa produksjonen ved 3 av omnane i Noreg i nokre veker. Bjølvefossen fekk dermed redusert produksjon ein periode.Nationen, 01.12.11: Elkem stenger tre ovner i Norge.
Elkem Bjølvefossen er i dag (2014) i full drift med 2 ovnar og har store planar for tida fremover.
Kjelder
Aalvik.info om Elkem Bjølvefossen, henta inn 9. februar 2012. Bokmålswikipedia om Bjølvo kraftverk, henta inn 9. februar 2012. Offisiell nettside
Fotnotar
Kategori:Næringsliv i Kvam Kategori:Norske fabrikkar Kategori:Føretak skipa i 1905