Vitskapsåret 1868 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1868.

Hendingar Pierre Janssen oppdaga spektrallinjer i spektrumet til sola som ikkje høyrde til nokon kjend gass. Norman Lockyer rekna at linjene kom ifrå eit hittil uoppdaga grunnstoff, som Lockyer og Edward Frankland døypte helium.

Prisvinnarar Copleymedaljen: Charles Wheatstone, britisk fysikar og oppfinnar. Rumfordmedaljen: Balfour Stewart, britisk fysikar. Wollastonmedaljen: Carl Friedrich Naumann, tysk geolog og mineralog.

Fødde 6. juni - Robert Falcon Scott, britisk sjøoffiser og forskingsreisande (død ). 8. november - Felix Hausdorff, tysk matematikar (død ). 9. desember - Fritz Haber, tysk kjemikar og nobelprisvinnar (død ). 24. desember - Emanuel Lasker, tysk jødisk sjakkspelar og matematikar (død )

Døde 11. februar - Léon Foucault, fransk fysikar (fødd ). 22. mai - Julius Plücker, tysk matematikar og fysikar (fødd ).