Vitskapsåret 1997 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1997.

Hendingar Astronomi og romfart 9. mars - Ei total solformørking var synleg frå jorda i det tidlegare Sovjetunionen og Arktis.Så funkar universum, James Muirden 4. juli - USA sin ubemanna romsonde Mars Pathfinder landa på planeten Mars. 15. oktober - USA skaut ut romsonden Cassini, som i skulle nå Saturn. Biologi Sauen Dolly vart det første klona husdyret.

Medisin 19. november - Ei 29-årig kvinne i USA fødde sjulingar. 21. november - Ei britisk undersøking viste at dei fleste silikonimplantat i bryst byrjar å lekke etter 20 år. 26. november - Under legekonferansen i Älvsjö vart det hevda at mosjon er den mest effektive metoden for å behandle aldersdiabetes, og at det bør bli ein sjølvfølgje for pleie i framtida. 5. desember - Nordens til då (1997) yngste hjartetransplantasjonspasient, ei tre månader gammal jente, fekk nytt hjarta ved ein vellukka operasjon på Östra sjukhuset i Göteborg.

Ukjend dato Food and Drug Administration godkjente daclizumab, den første humaniserte antistoffet innan terapi.

Prisvinnarar Bigsbymedaljen: James Anthony Jackson Copleymedaljen: Hugh Huxley Davymedaljen: Jean-Marie Lehn Göran Gustafssonpriset: Molekylær biologi: Christer Betsholtz Fysikk: Olle Inganäs Kjemi: Sven Lidin Matematikk: Dennis Hejhal Medisin: Lars Björck Ingenjörsvetenskapsakademien deler ut den store gullmedaljen til Percy Barnevik Nobelprisen: Fysikk: Steven Chu, Claude Cohen-Tannoudji, William D. Phillips Kjemi: Paul D. Boyer, John E. Walker, Jens Christian Skou Fysiologi/Medisin: Stanley B. Prusiner Steeleprisen: Mikhael Gromov, Anthony Knapp og Ralph Phillips Sylvestermedaljen: H.S.M. Coxeter Turingprisen: Douglas Engelbart Wollastonmedaljen: Douglas James Shearman

Døde

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vitenskapsåret 1997» frå , den 16. februar 2012. oppgav desse kjeldene: