Col de la Madeleine er eit 1 993 meter høgt alpepass i Département Savoie i regionen Rhône-Alpes, Frankrike.

Passet knyter saman landsbyen La Chambre i Maurienne-dalen med landsbyane Aigueblanche og Feissons-sur-Isère i Tarentaise. Stigninga opp frå La Chambre er 19,3 kilometer lang med ein snittgradient på 8,0 %. Nordsida opp frå Aigueblance er 28,3 kilometer lang og har ein snittstigning på 5,4 %.

Col de la Madeleine har stått på Tour de France-programmet 23 gonger, første gong i 1969, siste gong så langt under 9. etappe i 2010. Passet blir klassifisert som ein Hors catégorie stigning.

Litteratur Kristian Bauer, Roadbook Tour de France, Bruckmann Verlag 2006 Peter Leisl, Die legendären Anstiege der Tour de France, Covadonga 2004

Bakgrunnsstoff Der Col de la Madeleine auf www.quaeldich.de Der Col de la Madeleine auf www.4biker.eu

Kategori:Fjellovergangar i Frankrike Kategori:Tour de France Kategori:Rhône-Alpes