Col de Granon (lokalt òg Col du Granon) er eit 2 413 moh. høgt fjellpass i Dei franske Alpane. Passhøgda ligg i Département Hautes-Alpes. I følgje andre kjelder er ikkje passhøgda høgare enn 2 404 moh.géoportail.fr

To vegar fører opp på passet. Frå sør går vegen 234T frå Saint-Chaffrey, strekninga er 11,5 km lang og stigninga i snitt rundt 9 % opp. Frå aust går det ein ikkje-asfaltert militærveg opp til passet som med utgangspunkt i Val-des-Prés stig knapt 7 % i snitt over 15,3 km.

Tour de France Passhøgda var målgangsstad for ei klatreetappe under Tour de France 1986. Strekninga blei då plassert i Hors catégorie, den hardaste kategorien. Eduardo Chozas vann denne etappen. Col de Granon var lenge den høgastliggande målstaden i Touren inntil Col du Galibier for første gong blei brukt som målgangsstad i 2011.

1986: Eduardo Chozas

Galleri

Referansar

Kategori:Fjellovergangar i Alpane Kategori:Fjellovergangar i Frankrike Kategori:Tour de France Kategori:Provence-Alpes-Côte d'Azur