Port de Pailhères (òg Col de Pailhères) er eit høgt fjellpass i den franske delen av Pyreneane. Passet ligg ved vegen D25 i département Ariège. Aust for passet ligg landsbyen Mijanès og i vest Ascou i nærleiken av Ax-les-Thermes.
Frå Mijanes er distansen til Col de Pailhères 10,6 km med ein høgdeskilnad på 871 m, dvs. med eit snitt på 8,2 %. Maksgradienten er 10,2 %. Frå Ax-les-Thermes er det 18,6 km til passhøgda. Høgdeskilnaden er 1 281 m, dvs eit snitt på 6,9%. Maksimum er 10,4 % i nærleiken av toppen.
Tour de France Port de Pailhères stod på Tour de France-programmet i 2003, 2005, 2007 og 2010. Klatringa opp er plassert i den hardaste kategorien, Hors catégorie.
ÅrEtappeKategoriStartMålLeiar over toppen201014HCRevelAx-3 DomainesChristophe Riblon200714HCMazametPlateau-de-BeilleRubén Pérez200514HCAgdeAx-3 DomainesGeorg Totschnig2003131ToulouseAx-3 DomainesJuan Miguel Mercado
Bakgrunnsstoff Informasjon for syklistar på climbbybike.com Le Port de Pailhères dans le Tour de France på ledicodutour.perso.sfr.fr
Kategori:Fjellovergangar i Pyreneane Kategori:Fjellovergangar i Frankrike Kategori:Tour de France