miniatyr|upright=1.4|Frå Vueltaen i Santander (2003) Vuelta Ciclista a España (til vanleg Vuelta a España; på norsk òg Spania rundt eller Vueltaen) er ein av dei tre «Grands Tours» innan sykkelsporten, og etter Tour de France og Giro d'Italia det viktigaste etapperennet i verda. Rittet høyrde til UCI ProTour frå 2005 til 2007. Frå 2011 har det tilhøyrt etterfølgaren UCI World Tour. Arrangørar er firmaet Unipublic.

Historie Vueltaen blei første gong arrangert i 1935, og frå 1955 har rittet blitt arrangert kvart år. Det første året konkurrerte 50 deltakarar over 14 etappar med ei snittlengd på 240 km kvar. Totaldistansen var 3 411 km. Vueltaen blei starta av Juan Pujol for å auke salet av dagsavisa Informaciones etter at han såg kor viktige dei franske og italienske etapperitta var for å auke salet av sponsoravisene L'Auto og La Gazzetta dello Sport.

I starten blei Vueltaen arrangert om våren, til vanleg seint i april, men for å unngå direkte konkurranse med Giro d'Italia som går føre seg i mai, blei Vueltaen frå og med 1995 flytta til september.

Særdrag Rittet går føre seg over tre veker gjennom Spania og det nære utlandet og finaleetappen blir gjerne lagt til Madrid.

Til vanleg blir arrangementet bygd opp av flate etapper som favoriserer sprintarane, mellomtunge etappar som er veleigna for utbrytargrupper og fjelletapper som favoriserer klatrespesialistane. I tillegg er det gjerne to tempoetappar. Vueltaetappene er relativt kuperte, noko som har ført til at det stort sett er sterke klatrar som har tatt samanlagtsigeren.

I 1999 stod klatreetappen opp Alto de El Angliru i Asturias på programmet for første gong. Stigninga er opp mot 24% på det brattaste, og stigninga blir rekna som ei av dei hardaste i noko landevegsritt. Seinare har denne etappen blitt eit særmerke for Vueltaen.

Vinnarar av Vuelta a España 2022 Remco Evenepoel 2021 Primoz Roglic 2020 Primoz Roglic 2019 Primoz Roglic 2018 Simon Yates 2017 Chris Froome 2016 Nairo Quintana 2015 Fabio Aru 2014 Alberto Contador 2013 Chris Horner 2012 Alberto Contador 2011 Chris Froome 2010 Vincenzo Nibali 2009 Alejandro Valverde 2008 Alberto Contador 2007 Denis Mensjov 2006 Aleksandr Vinokurov 2005 Denis Mensjov 2004 Roberto Heras 2003 Roberto Heras 2002 Aitor Gonzalez 2001 Angel Luis Casero 2000 Roberto Heras 1999 Jan Ullrich 1998 Abraham Olano 1997 Alex Zülle 1996 Alex Zülle1995 Laurent Jalabert 1994 Tony Rominger 1993 Tony Rominger 1992 Tony Rominger 1991 Melchor Mauri 1990 Marco Giovanetti 1989 Pedro Delgado 1988 Sean Kelly 1987 Luis Herrera 1986 Alvaro Pino 1985 Pedro Delgado 1984 Eric Caritoux 1983 Bernard Hinault 1982 Marino Lejarreta 1981 Giovanni Battaglin 1980 Faustino Ruperez 1979 Joop Zoetemelk 1978 Bernard Hinault 1977 Freddy Maertens 1976 José Pesarrodona 1975 Augustin Tamames 1974 José Manuel Fuente 1973 Eddy Merckx 1972 José Manuel Fuente 1971 Ferdinand Bracke 1970 Luis Ocaña 1969 Roger Pingeon1968 Felice Gimondi 1967 Jan Janssen 1966 Francisco Gabica 1965 Rolf Wolfshohl 1964 Raymond Poulidor 1963 Jacques Anquetil 1962 Rudi Altig 1961 Angelino Soler 1960 Franz De Mulder 1959 Antonio Suarez 1958 Jean Stablinski 1957 Jesus Loroño 1956 Angelo Conterno 1955 Jean Dotto 1951-1954 Ikke arrangert 1950 Emilio Rodriguez 1949 Ikkje arrangert 1948 Bernardo Ruiz 1947 Edouard Van Dyck 1946 Dalmacio Langarica 1945 Delio Rodriguez 1943-1944 Ikkje arrangert 1942 Julian Berrendero 1941 Julian Berrendero 1937-1940 Ikkje arrangert 1936 Gustave Deloor 1935 Gustave Deloor

Bakgrunnsstoff Offisiell webside Trøyefargar på rp-online.de

Kategori:Sykkelritt Kategori:Skipingar i 1935