Budapest er hovudstaden i Ungarn. Han blr rekna på same nivå som dei 19 fylka (vármegye) landet er delt inn i. Budapest er samstundes ein statistisk region i Ungarn og inngår i storregionen Sentral-Ungarn. Opphavleg var heile Sentral-Ungarn éin region, men han er seinare delt opp i dei to regionane Budapest og Pest fylke.
Namnet er sett saman av namna på to byar, Buda og Pest, som ligg på kvar si side av elva Donau. Byen breier seg over eit areal på vel 500 kvadratkilometer. På Buda-sida ligg Gellert-berget med citadellet, borghaugen med det gigantiske slottskomplekset og bydelen bak Matthias-kyrkja. På den flate Pest-sida ligg parlamentet, forretningar og administrasjonsbygningar, dei praktfulle hovudgatene og dei store bustadkvartera. Byen hadde 1,7 millionar innbyggjarar i 2007.
Historie Romarane grunnla byen Aquincum omkring år 89 evt., der ein keltisk by tidlegare hadde lege. Frå år 106 til 300-talet var Aquincum hovudstaden i den romerske provinsen Pannonia. Contra Aquincum (eller Trans Aquincum) var det noverande Pest.
Omkring år 900 kom magyarane, forfedrane til dei moderne ungararane, til området. I mellomalderen vart dei to byane Buda og Pest viktige. Buda vart sete for eit kongeleg slott i 1247, og i 1361 vart byen hovudstad i Ungarn. Pest vart øydelagd av mongolane i 1241, men vart fort oppattreist.
Det osmanske riket si erobring av Ungarn på 1500-talet avbraut veksten til byane: Pest fall til osmanane i 1526 og Buda fall 15 år seinare. Buda vart hovudstad for ein osmansk guvernør, medan Pest vart forlaten inntil habsburgarane tok seg inn byen i 1686.
Det var Pest, heimstad for administrasjon sidan 1723, som voks snøggast på 1700- og 1800-talet. I 1800 var Pest større enn Buda og Óbuda til saman. Folketalet til Pest 20-dobla seg på 1800-talet til 600 000, medan folketalet til Buda og Óbuda berre var 4 gonger større i 1900 enn i 1800.
Samanslåinga av dei tre byane under éi kommunal leiing, først gjennomført av den revolusjonære ungarske regjeringa i 1849, men endra tilbake av den habsburgske leiinga, vart til slutt slått fast av den ungarske kongelege regjeringa, etablert under den austerriksk-ungarske Ausgleich i 1867. Folketalet i den nye byen, Budapest, voks 7 gonger i storleik frå 1840 til 1900 til 730 000. Budapest var ein retteleg imperial by, ved at byen var hovudstad i den ungarske delen av Austerrike-Ungarn. Den ungarske regjeringa var ein viktig styringsreiskap for keisarriket. Mange av dei største bygningane i byen stammar frå 1800-talet
I løpet av 1900-talet voks folketalet særleg i forstadene. Folketalet i Újpest dobla seg frå 1890 til 1910 og Kispest firedobla seg frå 1900 til 1920, fordi det meste av industrien i landet vart lagt til byen. Landet sine store menneskelege tap i første verdskrigen og Ungarn sine tap av store landområde i 1920 var berre mellombelse problem. Byen var no hovudstad i eit mindre, men sjølvstendig land.
Omkring ein tredel av Budapest sine 200 000 jødar døydde i andre verdskrigen etter Tyskland sin okkupasjon i 1944. Budapest vart kraftig øydelagd under den sovjetiske omleiringa i 1944. Byen kom på fote att i 1950- og 1960-åra under den kommunistiske regjeringa, og vart delvis eit utstillingsvindauge for framvising av regjeringa sin meir pragmatiske politikk frå og med 1960-åra. Sidan 1980-åra og kommunismens fall har byen, som heile landet, vore ramma av fråflytting.
Bydistrikt
Budapest er administrativt delt inn i 23 bydistrikt (kerület):
Bydistrikt Ungarsk namn Areal(km²) Innbyggjarar(2022) Del av Bydistrikt 1 I. kerület Budavár 3,41 23 685 Buda Bydistrikt 2 II. kerület – 36,34 86 567 Buda Bydistrikt 3 III. kerület Óbuda–Békásmegyer 39,70 124 746 Buda Bydistrikt 4 IV. kerület Újpest 18,82 94 391 Pest Bydistrikt 5 V. kerület Belváros-Lipótváros 2,59 21 931 Pest Bydistrikt 6 VI. kerület Terézváros 2,38 35 441 Pest Bydistrikt 7 VII. kerület Erzsébetváros 2,09 48 943 Pest Bydistrikt 8 VIII. kerület Józsefváros 6,85 70 048 Pest Bydistrikt 9 IX. kerület Ferencváros 12,53 59 588 Pest Bydistrikt 10 X. kerület Kőbánya 32,49 75 628 Pest Bydistrikt 11 XI. kerület Újbuda 33,49 141 090 Buda Bydistrikt 12 XII. kerület Hegyvidék 26,67 57 295 Buda Bydistrikt 13 XIII. kerület – 13,44 122 973 Pest Bydistrikt 14 XIV. kerület Zugló 18,13 118 705 Pest Bydistrikt 15 XV. kerület Rákospalota-Pestújhely-Újpalota 26,94 77 091 Pest Bydistrikt 16 XVI. kerület – 33,51 73 270 Pest Bydistrikt 17 XVII. kerület Rákosmente 54,82 84 922 Pest Bydistrikt 18 XVIII. kerület Pestszentlőrinc-Pestszentimre 38,60 99 400 Pest Bydistrikt 19 XIX. kerület Kispest 9,38 56 507 Pest Bydistrikt 20 XX. kerület Pesterzsébet 12,19 63 512 Pest Bydistrikt 21 XXI. kerület Csepel 25,75 70 442 Csepel Bydistrikt 22 XXII. kerület Budafok-Tétény 34,25 56 534 Buda Bydistrikt 23 XXIII. kerület Soroksár 40,77 22 633 Pest Sum 525,14 1 685 342
Margaretøya inngjekk tidlegare i bydistrikt 13, men blir no administrert direkte av Budapest kommune som friareal.
Historiske folketal
1800: 54 200 innbyggjarar 1830: 102 700 1850: 178 000 1880: 370 800 1900: 733 400 1925: 957 800 1985: 2 000 007
Folketalet i bydistrikta ved dei siste folketeljingane:
Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2022 Bydistrikt 1 25 914 24 158 23 685 Bydistrikt 2 92 520 87 744 86 567 Bydistrikt 3 131 605 126 478 124 746 Bydistrikt 4 103 492 98 284 94 391 Bydistrikt 5 28 948 25 210 21 931 Bydistrikt 6 44 137 38 319 35 441 Bydistrikt 7 64 137 56 093 48 943 Bydistrikt 8 81 787 76 250 70 048 Bydistrikt 9 62 995 61 553 59 588 Bydistrikt 10 80 852 80 978 75 628 Bydistrikt 11 144 441 143 165 141 090 Bydistrikt 12 61 763 57 709 57 295 Bydistrikt 13 114 353 119 057 122 973 Bydistrikt 14 123 510 127 010 118 705 Bydistrikt 15 85 232 79 645 77 091 Bydistrikt 16 71 028 71 180 73 270 Bydistrikt 17 79 989 84 381 84 922 Bydistrikt 18 96 353 98 499 99 400 Bydistrikt 19 63 810 59 055 56 507 Bydistrikt 20 65 295 64 358 63 512 Bydistrikt 21 80 982 75 055 70 442 Bydistrikt 22 52 548 53 704 56 534 Bydistrikt 23 20 697 21 155 22 633 Budapest 1 777 921 1 729 040 1 685 342
Merknader
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hovudstader i Europa Kategori:Byar i Ungarn Kategori:Byar ved Donau