Olaf Olafsen () var ein norsk prest og historikar.

Olafsen var fødd i Dovre, Jørgen Olafsen var far hans. Olafsen voks opp i Romsdal, frå 1849 i Veøy prestegjeld. Han tok eksamen ved lærarskule i 1864 og vart cand.theol. i 1873. Han dreiv folkehøgskule i Veøy i 1874, var amtsskulelærar i Romsdal 1876, sokneprest i Eid frå 1877 og sidan på Byneset frå 1883 og i Ullensvang 1889-1913. Olafsen var særs interessert i hagebruk og i hans tid var prestegarden i Ullensvang eit sentrum for fruktdyrkinga i Hardanger.

Olafsen skipa Hardanger Historielag i 1908 og var formann fram til 1913. Han styrte tidsskriftet «Hardanger» og ei kjeldskriftsamling fram til 1926. Som medlem av Høgfjellskommisjonen skreiv han to verk, ei om eigedomstilhøva på Hardangervidda særskilt, og ei om Jordfællesskab og Sameie. I 1917 vart han statsstipendiat, 74 år gammal.

Olafsen gav ut si fyrste bygdebok i 1907, om Ullensvang. På 1920-talet kom fleire bygdebøker, om Kvam, Granvin, Ulvik og Veøy. Han skreiv også om smelting av myrmalm i eldre tid, og bøkene Norske slægstnavne og Norsk prestgårdsliv. Ein sjølvbiografi, Mit liv gjenoplevet i mindet, kom ut i 1947.

Han døydde i Bergen i 1932.

Kjelder Norsk Allkunnebok. IX. bandet, 1959 Biografi i Store norske leksikon

Litteratur sambok 31 bøker av/om Olafsen

Kategori:Norske prestar Kategori:Norske historikarar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Folk frå Dovre Kategori:Folk frå Molde