Alfred Kastler () var ein tysk-fødd fransk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1966 «for oppdaginga og utviklinga av optiske metodar for å studere Hertzian-resonans i atom», såkalla optisk pumping.

Etter å ha fullført studiane i 1926 byrja han å undervise i fysikk ved Lycée i Mulhouse før han seinare underviste ved Universitetet i Bordeaux der han var universitetsprofessor fram til 1941. Georges Bruhat bad han kome tilbake til École Normale Supérieure der han til slutt fekk ein plass i styret i 1952.

Kastler tilbrakte det meste av forskarkarrieren sin ved École Normale Supérieure i Paris der han saman med studenten sin Jean Brossel starta ei lita forskingsgruppe på spektroskopi etter andre verdskrigen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alfred Kastler» frå , den 22. februar 2012.

Kategori:Franske fysikarar Kategori:Franske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå departementet Haut-Rhin Kategori:Fysikarar på 1900-talet