Joseph Hooton Taylor jr. () er ein amerikansk radioastronom. Han tok doktorgrad ved Harvard University i 1968. Han underviste ved University of Massachusetts, Ahmerst, mellom 1969 og 1981, og vart seinare professor ved Princeton University i 1986.

Taylor jr. mottok Nobelprisen i fysikk i 1993, saman med sin landsmann Russell Alan Hulse, for oppdaginga av ein ny type pulsar, ei oppdaging som opna nye moglegheiter for studiet av gravitasjon.

Taylor jr., og hans medhjelpar Hulse, oppdaga den første binære pulsaren i 1974. Pulsarar er raske roterande nøytronstjerner som sender ut korte regelmessige puls av radiostråling. Uregelmessigheita i pulsane frå pulsaren PSR 1913+16 fekk dei til å dra konklusjonen om at denne pulsaren hadde ein følgjesvein i form av ei anna nøytronstjerne som svevde rundt i ein tett bane.

Oppdaginga av denne pulsaren gjorde det òg mogeleg å kunne oppdage gravitasjonsbølgjer for første gong. Det samla sterke gravitasjonsfelt til dei to stjernene påverkar frekvensen på radiopulsane som vert sende ut, og Taylor og Hulse kunne vise at stjernene roterte mykje raskare nær kvarandre. Det vart foreslått att dette kom av at stjernene taper energi når dei sender ut gravitasjonsbølgjer. Dette var det første eksperimentelle beviset på gravitasjonsbølgjer eksisterer, etter at det vart foreslått av Albert Einstein i relativitetsteorien hans.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Joseph Hooton Taylor, Jr.» frå , den 22. februar 2012.

Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Philadelphia Kategori:Professorar ved Princeton Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Albert Einstein-medaljen Kategori:Elevar ved Harvard University Kategori:Tilsette ved University of Massachusetts Amherst Kategori:Wolfprisen i fysikk Kategori:National Academy of Sciences Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Dannie Heineman-prisen for astrofysikk Kategori:Relativistar