Ragnhild Stolt-Nielsen () er ein norsk lokalpolitikar for Høgre i Bergen, opphavleg frå Haugesund. Ho er dotter til tidlegare stortingsrepresentant Inger Stolt-Nielsen.

Karriere Ragnhild Stolt-Nielsen har vore leiar av kontrollutvalet i Bergen bystyre 1999-2003 og nestleiar for Oppvekstkomitéens 2007-2011. Fra 24. januar 2011 har ho vore kommunalråd i Bergen kommune (leiar av Finanskomitéen) og Høgre sin gruppeleiar i bystyret. Ho er også styreleiar i Frøkenstiftelsen, og styremedlem i Bergen Reiselivslag og Bergen Vann KF. I tillegg har ho hatt mange ulike verv både i Bergen Høgre og Hordaland Høgre.Profil hjå Hoyre.no

Ragnhild Stolt-Nilsen er Hordaland Høgre sin 2. vararepresentant til Stortinget i perioden 2009-2013. Etter at Henning Warloe trekte seg frå alle verv grunna narkotikatiltalen mot han i mars 2012, vart Ragnhild Stolt-Nielsen vald til ny nestleiar i Hordaland Høgre.NRK.no, 07.03.12: Hun blir Warloes erstatter

Ragnhild Stolt-Nielsen er gift og har tre born.Ragnhild Stolt-Nielsen hjå TV 2 Velgerguiden

Kjelder

Denne artikkelen er omsett frå «Ragnhild Stolt-Nielsen» frå , den 7. mars 2012.

Kategori:Byrådar i Bergen Kategori:Høgrepolitikarar i Hordaland Kategori:Lokalpolitikarar i Bergen Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Folk frå Haugesund Kategori:Folk frå Bergen