Eugene Gladstone O'Neill () var ein amerikansk dramatikar som i 1936 vann Nobelprisen i litteratur «för hans av kraft, ärlighet och stark känsla samt självständig, tragisk uppfattning präglade dramatik.»«for the power, honesty and deep-felt emotions of his dramatic works, which embody an original concept of tragedy»Nobeltildelinga 1936 på nobelprize.org
O'Neill hadde tuberkulose og under eit sanatoriumopphald las han ei mengd verk av Ibsen, Strindberg, Nietzsche og Dostojevskij som inspirerte han til å prøve seg som dramatikar. Etter sanatoriumopphaldet skreiv han på om lag 15 månader elleve einaktarar, to skodespel i fleire akter og nokre dikt.
I mange av skodespela skildrar O'Neill kløyvde personar som gjennom sjølvbedrag og fyll freistar flykte frå ansvaret for eigne liv. Med brutal ærlegdom blottlegg han avgrunnane i figurane sine, som ofte er merkte av fortrengt skuld, falske kjensler og resignasjon, og er involvert i ein meiningslaus kamp med kvarandre. Sambandet til greske tragediar er ikkje minst merkbart i Mourning Becomes Electra.
Det mest kjende stykket til O'Neill er det sjølvbiografiske Lang dags ferd mot natt som han skreiv i 1941 og som blei utgjeve posthumt i 1956.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Nobeltildelinga 1936 på nobelprize.org
Kategori:USA-amerikanske dramatikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Irsk-amerikanarar Kategori:Folk frå New York City