mini|Val Medel nær Platta Val Medel er ein sidedal på høgresida av Surselvadalen i Graubünden i Sveits. Dalen er kring 15 km lang og strekkjer seg frå Disentis (1100 moh) og sørover til han endar ved Lai da Sontga Maria-reservoar ved Lucmagnpasset (1906 moh). Det går ein veg gjennom dalen og over Lucmagnpasset til Ticino.
Dei nedre tre kilometrane i dalen dannar ei smal kløft, kalla Medelserschluch eller Las Ruinas, som opnar opp i den grøne og frodige Trogdalen ved landsbyen Curaglia.
Den einaste kommunen i dalen er Medel (Lucmagn), som består av mange landsbyar, grender og isolerte busetnader på begge sider av dalen. Den største og nordlegaste landsbyen er Curaglia.
Galleri
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad for kommunen Val Medel
Kategori:Dalar i Sveits Kategori:Dalar i Graubünden Kategori:Dalar i Alpane