Engstligenfalla nær Adelboden i Berner Oberland er den nest høgaste fossen i Sveits.

Engstligenfalla har ei av dei høgaste vassføringane av fossane i Alpane og er ein attraksjon i Adelboden.

Fleire fjellelvar i Engstligenalp, eit platå kring 2 000 moh, møter kvarandre nær nordenden av platået, og fell i fire fall over klippene i eit samla fall 370 meter ned i Engstligendalen der dei offisielt vert rekna som starten på elva Engstlige. Det høgaste fallet er på 229 meter.

Den øvre delen av fossen er delvis synleg frå Engstligenalp-kabelvogna.

Om vinteren frys Engstligenfalla til og vert nytta til isklatring.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Engstligen falls» frå , den 9. mars 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Berner Oberland Kategori:Fossar i Sveits Kategori:Geografi i Bern