Vaksdal er ein tettstad i Vaksdal kommune i Vestland. Staden ligg ved Sørfjorden tvers ovanfor bygda Bruvik på Osterøya. Både Bergensbanen/Vossabanen og E16 går gjennom bygda. Vaksdal er frå gamalt av bygd opp rundt bakevareprodusenten Møllerens sin fabrikk på staden. Det er denne fabrikken som utnyttar krafta i elva som kjem frå dei to ovanforliggjande dalane Sædalen og Herfindalen. I dag har også Felleskjøpet fabrikk i same bygget.

mini|venstre|Vaksdal sett frå Brøknipa på Osterøy

På Vaksdal finn ein Vaksdal Senter med Coop Prix, Milano pizza, bibliotek og tannklinikk. Vaksdal barneskule, Vaksdal kyrkje, bensinstasjon og Sæterdal elektro. I tilknyting til tettstaden Vaksdal ligg smågrendene Skreien i nord, og Boge, Kjeneset, Langhelle, Sandvik og Staveneset i sør.

Kategori:Geografi i Vaksdal Kategori:Tettstader i Vestland