Grisetang er ein vanleg brunalge i strandsonen i Noreg.

Utsjånad Ein fleirårig brunalge som kan verte opp til 2 m lang, med olivengrønt fargeskjær, og uregelmessig gaffelgreina. Hovudaksen i tverrsnitt noko ellipseforma og 5-10 mm brei. Tangen manglar midtnerve. Her og der svell akse og greiner opp til gassfylte ovale blærer som er ganske harde. Nedst ei hefteskive som kan bere mange skot. Kjønnsorgan utviklar seg i tjukkare parti (receptaklar) i enden av sidestilte kortskot. Han- og hoorgan på ulike plantar. Dei modnast i juni-juli.

Utbreiing Tangen er vanleg langs den nordvestlege kysten av Europa frå Svalbard til Portugal medrekna Færøyane. På andre sida av Atlanterhavet finst han aust på Grønland, kring Nova Scotia, Baffinland, Hudsonsundet, Labrador og Newfoundland.

Førekomst i Noreg Planta veks på berggrunn langs heile kysten, vesentleg i nedre del av sagtangbeltet.

Bruk Store mengder grisetang har vorte samla inn kvart år til produksjon av tangmjøl og alginat. Tidlegare vart tangen også nytta til dyrefôr.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ascophyllum nodosum» frå , den 11. mars 2012. Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).

Bakgrunnsstoff

Kategori: Algar Kategori: Sjøplantar i Noreg