L'Abbaye er ein kommune i distriktet Jura-Nord Vaudois i kantonen Vaud . Kommunen har kring 1200 innbyggjarar. Han ligg i midten av Vallée de Joux, ein dal i Jurafjella, ved breiddene til innsjøane Lac de Joux og Lac Brenet, og omfattar landsbyane Bioux, L'Abbaye og Pont.
«L'Abbaye» tyder ‘klosteret’. Namnet viser til Abbaye du lac de Joux, eit premonstratensarkloster vigd Maria Magdalena som blei grunnlagt mellom 1126 og 1134. Det blei lagt ned i 1536 i samband med reformasjonen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «L'Abbaye» frå , den 12. mars 2012.
Denne artikkelen bygger på «L'Abbaye (Vaud)» frå , den 26. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
Abbaye