Fredrikke Johanne «Rikka» Bjølgerud Deinboll () var ein norsk bibliotekar, omsetjar og barnebokforfattar.
Biografi
Rikka Deinboll vart tilsett som assistent ved Deichmanske bibliotek i Oslo frå 1918. I 1920-åra vart ho avdelingsleiar for barne- og skuleavdelinga, og i 1923 vart ho innvald i Kyrkjedepartementet sitt rådgjevande utval for skuleboksamlingar. Ho var både tilsett ved Deichmanske og medlem i dette utvalet heilt fram til 1965.
Frå 1923 til 1932 var ho aktiv som omsetjar av barne- og ungdomslitteratur frå svensk og engelsk. Den mest kjende omsetjinga hennar er A.A. Milne si Winnie the Pooh, som ho gav det norske namnet Ole Brumm. Ho gav også ut to samlingar med rim og regler for born. Ho var styremedlem i Norsk bibliotekforening frå 1943 - 47, og i dei to siste åra sat ho som formann. I femtiåra sat ho i det rådgjevande utvalet for teikneseriar i Noreg. Ho var svært involvert i språkdebatten rundt Eggemysteriet i Donald Duck, der folk reagerte på at det var brukt nynorsk på ein nedsetjande måte i forteljinga. Andre reagerte på at det i det heile var brukt nynorsk i bokmålsbladet Donald Duck.
Rikka Deinboll pensjonerte seg i 1965. Same året vart ho tildelt Kongens fortenestmedalje i gull. Ho vart stemor til teikneserieskaparen Tore Deinboll.
Verkliste (utval)
Håndbok i norsk barnebibliotekarbeide, 1927 Bøker for barn og ungdom, 1929–54 Barnerim og barneregler, 1936 Boken i undervisningen, 1936–54 Folkeskolebarnas leseinteresse, 1942 Hvem banker? Rim og remser fra her og der, 1951
Kjelder
NBL-artikkel om Rikka Deinboll, skriven av Jo Giæver Tenfjord Bokmålswikipedia om Rikka Deinboll, henta inn 13. mars 2012.
Kategori:Norske bibliotekarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Folk frå Hamar