Europaveg 18 (E18) er ein europaveg på nær 190 mil som startar i Craigavon i Nord-Irland og endar opp i St. Petersburg i Russland. Undervegs er han innom Skottland, England, Noreg, Sverige og Finland. Vegen er ei viktig transport- og sambandsåre mellom dei nordiske landa, Russland og Storbritannia.

Rute I Noreg går E18 som hovudveg frå Kristiansand austover gjennom Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud og Akershus via Oslo til Ørje i Østfold før han kjem inn på svensk side ved Töcksfors.

Heile traseen er slik (ferjesamband markert med symbol):

Craigavon, Belfast, Larne 24px Stranraer, Gretna, Carlisle, Newcastle 24px Kristiansand, Arendal, Porsgrunn, Larvik, Drammen, Oslo, Askim, Ørje, Karlstad, Örebro, Västerås, Stockholm/Kapellskär 24px Mariehamn 24px Åbo, Helsingfors, Kotka, Vaalimaa, Viborg, St. Petersburg.

E18 deler trasé med E16 eit lite stykke nord for Belfast og mellom Oslo og Sandvika.

Historie Etter omstruktureringa av europavegane i 1992 fekk norske delar av vegen namnet Europaveg 39. Andre delar av vegen, det vil seie strekninga frå Kristiansand til Stockholm, blei heitande E18 fordi det tilfeldigvis passa slik i det nye systemet.

Strekninga mellom Stockholm og Sankt Petersburg heitte før omstruktureringa Europaveg 3.

Anna Oppgradering av E18 i Vestfold På grunn av mykje trafikk og ønske om betra sikkerheit er Statens vegvesen i ferd med å byggja om delar av E18 i Vestfold til firefelts motorveg, mot to felt tidlegare. Målet til vegvesenet er at heile strekninga skal ha fire felt innan 2015. På grunn av arbeidet føretok ein arkeologiske utgravingar i arbeidsområda i 2003 og 2004, der ein undersøkte kjende kulturminner frå steinalder, bronsealder, jernalder og mellomalder.

Oppgradering av E18 i Østfold Stortinget vedtok utbygging av E18 gjennom Østfold i 1999. Arbeidet skal skje frå 2001 til 2014.

Knutepunkt

Pernå-ForsbyFredrikshamn

Alternative vegar Det finst alternative vegar for å reise frå ein stad langs vegen til ein annan. Porsgrunn – Drammen: via Skien, 9 km kortare. Drammen – Ski: via Drøbak, 15 km kortare. Örebro – Stockholm/Solna (kryss med E4): via Södertälje, 1 km kortare, men det er ofte køproblem i Stockholm. Derimot kan E20 nyttast til Stockholm sentrum. Kotka – Viborg: // via Villmanstrand, 40 km lengre.

Sjå òg Europaveg 18 i Noreg Europaveg 18 i Sverige Europaveg 18 i Finland

Bakgrunnsstoff

Statens vegvesen – vegrapport E18 E18-prosjektet - om arkeologiske utgravingar før utbygginga i Vestfold

Kategori:Europavegar

Kategori:Vegar i Agder Kategori:Vegar i Telemark Kategori:Vegar i Vestfold Kategori:Vegar i Buskerud Kategori:Vegar i Akershus Kategori:Vegar i Oslo Kategori:Vegar i Østfold Kategori:Vegar i Storbritannia Kategori:Vegar i Nord-Irland Kategori:Vegar i Sverige Kategori:Vegar i Finland Kategori:Vegar i Russland