1789 (romartal MDCCLXXXIX)

Hendingar mini|1789 er best kjend som året den franske revolusjonen tok til. Her frå storminga av Bastillen (Jean-Pierre Louis Laurent Houel, 1789)

Utlandet 7. januar: I det første nasjonale valet i USA blei George Washington vald til president. 14. juli: Den franske revolusjonen: Innbyggjarar i Paris storma Bastillen. Fangane der vart frigjevne. På landsbygda gjekk bønder til åtak på gods. 14. juli er i ettertid den franske nasjonaldagen til minne om storminga og om revolusjonen. 17. september: Saturnmånen Mimas blei oppdaga av William Herschel

Noreg Juli: Storofsen, storflaum på Austlandet. Flaumen var på sitt verste 22.–23. juli 1789. Storofsen utgjorde eit slags «klimatisk klimaks» under «Den vesle istida» på 16- 1700-talet.

mini|Hanna Winsnes vart fødd 23. august 1789. Måleri av Matthias Stoltenberg.

Fødde

16. mars: Georg Simon Ohm, tysk fysikar 28. mai: Bernhard Severin Ingemann, dansk forfattar 21. august: Augustin Louis Cauchy, fransk matematikar 23. august: Hanna Winsnes, norsk forfattar 11. november: Pietro Tenerani, italiensk skulptør

Døde

7. april: Sultan Abd-ul-Hamid I av Det osmanske riket 5. mai: Giuseppe Baretti, italiensk forfattar 25. mai: Anders Dahl, svensk botanikar 12. juni: Jean-Étienne Liotard, sveitsisk målar 23. desember: Charles-Michel de l'Épée, fransk filantrop og pedagog som studerte og utvikla fransk teiknspråk.