Are Frode Søholt ()Nekrolog i Aftenposten 16. februar 2012, skriven av Ragna Sofie Grung Moe, Brynjulf Stige og Hilde Haraldsen Sveen var ein norsk songar og forfattar frå Gloppen.

Søholt var utdanna cand.philol. frå Griegakademiet ved Universitetet i Bergen, og hadde arbeidd som prosjektleiar for Tromsø Symfoniorkester, konsulent for Den Norske Opera, prosjektkoodinator for Grieg 07, dagleg leiar for Norsk Barokkorkester og prosjektkoordinator for Norcode før han vart dagleg leiar for kulturhuset Trivselshagen heime i Gloppen. Han var også festivalsjef for Gloppen Musikkfest frå 2003 til han døydde.

Som songar medverka han ved mange kyrkjemusikalske oppsetjingar og han var medlem i Det Norske Solistkor frå 2004. Andre kor han var med i var KorVest, Bergen Domkantori, Den Norske Operas kor, VokalArt og Vokal Nord.

Han debuterte som forfattar i 2010 med diktsamlinga Ho står i rommet mitt og brenn utgjeven av Tiden Norsk Forlag. Året etter kom Antisorg, også det ei diktsamling, «Are Frode Søholt» på Tiden og i 2012 vart den tredje diktsamlinga hans, kalla Luftorkester, utgjeven posthumt.

Bibliografi Bøker 2010 – Ho står i rommet mitt og brenn – diktsamling 2011 – Antisorg – diktsamling 2012 – Luftorkester – diktsamling (utgjeven posthumt) I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Are Frode Søholt Om Are Frode Søholt i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Om Are Frode Søholt i Allkunne

Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske songarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2010 Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Forfattarar frå Gloppen Kategori:Folk frå Gloppen