Sitatteikn, hermeteikn eller gåsaugo («–», ‘–’, „-“, ,–‘ ) er skriftteikn som blir brukte til å markere direkte tale og sitat, eller til å markere at ord har ein spesiell valør. I norsk typografi bruker ein helst «doble vinklar», eller slike; „ “. Fordelen ved desse tradisjonelle sitatteikna er at folk som les norsk er vande med dei, og vidare at dei gir eit roleg skriftbilete, sidan dei ligg på høgde med x-en, «i x-høgda», og derfor ikkje gjer teksten unødvendig uroleg.

Bruk Mellom sitatteikn skal det ikkje stå andre teikn enn dei som høyrer til i den siterte teksten.Korrekturavdelingen: «Anførselstegn ved sitat, replikk eller tanke.»

Den typiske bruken av sitatteikn er når ein vil markere direkte tale: «Du far?» Alfemann ser ned på støypen. «Det er noko eg må fortelja.» (Avsluttande punktum innanfor sitatteikna.)

Om ein snur på setninga, kan ein skrive: «Det er noko eg må fortelja», seier Alfemann og ser ned på støypen. (Merk at kommaet no skal stå utanfor sitatteikna.)

Tilsvarande bruker ein sitatteikn for å markere ein sitert tekst: «Larmen frå fridommen døydde. Togna var lyden som lenka oss saman?» (Kjartan Fløgstad i romanen «U3»). Dersom ord er utelatne frå slike sitat, skal vi markere det med utelatingsteikn: «Av kjøt og blod er håpet. […] Og håpet vårt var ikkje lysegrønt, men kvitt.»

I tekst set ein gjerne boktitlar og verktitlar i gåsaugo.

Ein set ord i gåsaugo for å markere at dei har ein spesiell valør: Legen hadde gitt meg medisin. No var eg «frisk».

Sitat i sitat kan ein markere med andre sitatteikn, til dømes dei høge teikna ‘’ : «Legen hadde gitt meg medisin. No var eg ‘frisk’». Sitat i sitat i sitat kan ein markere med doble høge sitatteikn: “ og ”.

I lingvistikken er det vanleg at omtalte ord og uttrykk blir sette i kursiv, mens tydinga blir markert med ‘ ’: «Sitat (frå latin citatum, av citare, ‘kalle fram’) er ei ordrett attgjeving».

Det er elles ulike meiningar om bruk av sitatteikn – og teikna blir brukt annleis i andre språk.

Sidan dei norske sitatteikna ikkje er å finne direkte på PC-tastaturet, er dei under press i skriftleg bruk. I Windows får ein « ved å trykkje Alt+0171, » ved å trykkje Alt+0187, ‘ ved å trykkje Alt+0145 og ’ ved å trykkje Alt+0146.

Kjelder

Typografi.no Korrekturavdelingen om anførselstegn

Kategori:Skiljeteikn