Grenada er ein øystat i det austlege Karibia. Han består av hovudøya Granada og ei rekkje mindre øyar i Grenadinane. Landet har til saman eit areal på 344 km². Hovudstaden er St. George's. Grenada ligg nordvest for Trinidad og Tobago, nordaust for Venezuela og sørvest for Saint Vincent og Grenadinane.

Grenada blei uavhengig frå Storbritannia i 1974. I 1983 blei landet invadert av USA. I september 2004 blei Grenada ramma av den kraftige orkanen Ivan, som drap 39 personar og gjorde fleire tusen heimlause. I løpet av juli 2005 kom orkanen Emily og gjorde endå meir skade.

Grenada har av og til blitt kalla «Krydderøya» på grunn av den store mengda krydder som blir dyrka her. Dette kjem òg fram i flagget der symbolet på venstre side skal førestilla ein muskatplante. Muskat er eit av dei viktigaste jordbruksprodukta på øya. Grenada står for den nest største produksjonen og eksporten av muskat i verda, med 20 % av marknadsdelen i verda (Indonesia er størst med 75 %).

Namn mini|Kart over Grenada Grenada har namn etter Granada i Spania.Room, Adrian: Placenames of the World: Origins and Meanings of the Names for 6,600 Countries, Cities, Territories, Natural Features and Historic Sites, 2. utgave, Jefferson, North Carolina/London: McFarland & Company, 2013, s. 151.Everett-Heath, John: «Grenada», Concise Dictionary of World Place-Names, Oxford: Oxford University Press, 2005, s. 191.

Karibane som budde her i førkolumbisk tid kalla øya Camerhogne, Camáogne eller Camàhogne.Everett-Heath, John: «Grenada», Concise Dictionary of World Place-Names, Oxford: Oxford University Press, 2005, s. 191.Martin, John Angus: «Grenada (names)», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 101. Tydinga av dette namnet er ukjend. Då Kristoffer Columbus kom til øya i 1498 kalla han henne Concepción, etter festdagen for den reine unnfangelsen (spansk Inmaculada Concepción). Mayo (Maxo) var eit anna namn spanjolane nytta dei to første tiåra av 1500-talet, men det varte ikkje ved. Spanske sjøfolk føretrekte namnet Granada, som blei innarbeidd frå 1520-åra. Etter at franskmennene erobra øya i 1649 blei namneforma endra til Grenade. Britane endra så igjen forma til Grenada.

Grenada har gjeve namn til Grenadinane, rekkja av mindre øyane nordover til Saint Vincent.Martin, John Angus: «Grenada (names)», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 101. Spanjolane kalla småøyene diminutivt Los Granadillos, som blei til fransk og engelsk Grenadines. Blant folket på Grenadinane blir hovudøya Grenada òg omtalt som the mainland, 'fastlandet'.

Naturgeografi mini|Grenadadue finst berre på Grenada. Ho er rekna som kritisk truga og står på IUCN si raudliste Landet består av øya Grenada og fleire mindre øyar.

Øya Grenada er danna av fem vulkanar. Stratovulkanen Mount St. Catherine er den yngste av desse og det høgaste punktet i landet med ei høgd på 840 moh. Krateret på toppen er hesteskoforma. Ein kjenner ikkje til utbrot frå vulkanen i historisk tid, men det finst varme kjelder og fumaroler.«St. Catherine», Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. Lest 23. juli 2014. Ved kysten av hovudøya finst det nokre mindre øyar, blant anna Glover Island og Calivigny Island i sør og Marquis Island i aust. Levera Island, Green Island og Sandy Island i nord er ein del av Levera National Park.

Dei sørlegaste øyane i Grenadinane, med Carriacou, Petite Martinique, Ronde og kring tretti småøyer, tilhøyrer Grenada og blir kalla Grenada-Grenadinane (engelsk Grenada Grenadines).Martin, John Angus: «Grenada Grenadines», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 103–104. Resten av øyane i Grenadinene tilhøyrer nabostaten St. Vincent og Grenadinane i nord. Dei grenadiske Grenadinane er tørre med 89–104 mm nedbør om året og ferskvassforsyning er eit problem. Øyane er delvis avskoga som følgje av beite og hogst. Den enno aktive undersjøiske vulkanen Kick 'Em Jenny ligg nord for hovudøya og vest for Ronde.

Grenadadue finst berre på Grenada. Med ein populasjon på kring 130 individ er arten rekna som kritisk truga.Leptotila wellsi (Grenada Dove), ICUN red list. Lest 23. juli 2014.

mini|260px|venstre|Kart over Grenada

Historie Før europearane kom til Grenada, fortrengde karibar dei opphavlege arawakfolka og busette seg på øya. Columbus kom til Grenada i 1498 på den tredje reisa si til den nye verda.

Delvis på grunn av karibane blei Grenada verande ukolonisert meir enn 100 år etter oppdaginga. Tidleg engelsk innsats på å erobra øya mislukkast. I 1650 kjøpte eit fransk kompani grunnlagt av kardinal Richelieu øya frå England og etablerte eit lite nybyggjarsamfunn. Etter fleire kampar med karibane henta franskmennene forsterkingar frå Martinique og overvann dei.

Grenada var ein britisk koloni fram til 1974, då landet blei sjølvstendig. I 1979 greip New Jewel Movement makta i eit statskupp og Maurice Bishop blei statsminister i spissen for People's Revolutionary Government. Etter intern strid tok eit militærråd makta den 19. oktober 1983. Kuppmakarane avretta statsminister Bishop. Seks dagar seinare blei øya invadert av USA og seks andre vestindiske land. Militæroperasjonen hadde kodenamnet Operasjon Urgent Fury. Dei militære leiarane blei raskt tekne til fange. Det blei halde frie val året etter.

Orkanen Janet passerte over Grenada 23. september 1955, med vind på 185 km/t, og forårsaka alvorleg skade. Dei siste stormene til å råka øya har vore orkanen Ivan den 7. september 2004, som forårsaka alvorleg skade og 39 dødsfall, og orkanen Emily den 14. juli 2005, som forårsaka alvorlig skade i Carriacou og i Nord-Grenada som hadde vore relativt lett påverka av orkanen Ivan.

Folkesetnad Folketeljinga i 2011 viste eit innbyggjartal på 106 667.Total Population count by Parish 2011, Central Statistics Office.

Ein har halde folketeljingar her sidan 1871, vanlegvis med ti års mellomrom.National Census Report 2001, Grenada , CARICOM Secretariat, 2009, s. 1. Det blei ikkje halde folketeljing på 1930-talet. Landet hadde stor folkevekst dei siste tiåra av 1800-talet, men veksten avtok dei første tiåra av 1900-talet og var negativ mellom 1911 og 1921. Mellom 1946 og 1960 var det igjen betydeleg folkevekst, med ein auke på 22,5 %. Mellom 1970 og 1991, då landet opplevde politiske ustabilitet, gjekk folketalet òg ned. Frå 1970 til 1981 gjekk folketalet tilbake med 4,14 %, følgd av ein tilbakegang på 4,51 % frå 1981 til 1991. Deretter voks folkemengda med 21,16 % frå 1991 til 2001.

Ved folketeljinga i 2011 rapporterte 82,4 % av folkesetnaden at dei var av afrikansk avstamming. 13,3 % rapporterte blanda bakgrunn og 2,2 % indisk avstamming. 0,2 % oppgav å tilhøyra urfolket.Population and Housing Census 2011, Central Statistics Office, s. 7. Ved folketeljinga i 2001 var 89,4 % av afrikansk avstamning, 8,2 % hadde blanda bakgrunn og 1,6 % hadde indisk bakgrunn, medan urfolk utgjorde 0,12 % av folketalet.National Census Report 2001, Grenada , CARICOM Secretariat, 2009, s. 10.

Språk Engelsk er standardspråk. Folkesetnaden talar kreolsk, der engelskbasert kreolsk er vidt utbreidd, medan franskbasert kreolsk har avgrensa utbreiing.«Grenada», i M. Paul Lewis, Gary F. Simons og Charles D. Fennig (red.): Ethnologue: Languages of the World, 7. utgave, Dallas, Texas: SIL International, 2014.

Religion Folk er i hovudsak kristne. I 2011 var Den katolske kyrkja det største trussamfunnet, med 36 % av folkesetnaden. 17,2 % var pinsevennar, 13,2 % sjuandedagsadventistar og 8,5 % anglikanarar.Population by Religion and Parish Census 2011, Central Statistics Office. Delen katolikkar og anglikanarar har gått ned, medan delen sjuandedagsadventistar og særleg pinsevennar har auka samanlikna med folketeljinga i 2001.

Andre kyrkje- og trussamfunn var òg representerte. 3,2 % oppgav å vera baptistar, 2,4 % tilhøyrde Church of God, 1,9 % var evangelikanarar og 1,6 % metodistar. 1,2 % tilhøyrde rastafari og 1,2 % Jehovas vitne. 5,7 % rapporterte ingen religion, medan 1,3 % ikkje oppgav religiøs tilhøyre ved folketeljinga i 2011.

Politikk og forvalting mini|Hovudstaden St. George's i år 2000 Grenada er eit konstitusjonelt monarki med eit politisk system organisert etter britisk modell.Martin, John Angus: «Parliament», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 184-185. Grunnlova i landet tredde i kraft i februar 1974.Grenada Constitution of 1973, Georgetown University Political Database of the Americas.

Statsoverhovud Den britiske monarken er statsoverhovud for Grenada. I det daglege er monarken representert ved generalguvernøren.

Generalguvernøren blir utnemnd av monarken etter råd frå statsministeren, som òg har makt til å tilrå avsettinga av ein generalguvernør om denne ikkje har tillita til statsministeren.Derek O'Brien: The Constitutional Systems of the Commonwealth Caribbean, Oxford: Hart, 2014, s. 49.

Regjering Regjeringa kjem frå frå fleirtalet i parlamentet. Etter val gjev generalguvernøren regjeringsoppdraget til leiaren for det største partiet i underhuset.

Regjeringa blir leia av statsministeren. Regjeringsmedlemmane blir peikte ut av statsministeren.

Parlament Parlamentet har to kammer, der underhuset har meir makt enn overhuset.Martin, John Angus: «Parliament», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 184-185.

Underhuset, Representanthuset, blir vald ved allmenne val for periodar på fem år. Statsministeren kan skriva ut nyval når han måtte ynskja.Martin, John Angus: «Elections», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 72. Det er universell røysterett. Underhuset har 15 medlemmar.«Grenada : Constitution and politics» , The Commonwealth. Lest 22. juli 2014. Presidenten til underhuset (speaker) kan veljast blant medlemmane i huset eller utanfrå. Dersom det sistnemnde skjer, får underhuset 16 medlemmar og det er tradisjon for at dette skjer.Martin, John Angus: «Parliament», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 184-185. Valordninga er fleirtalsval i einmannskrinsar.Grenada Learn more, International Foundation for Electoral Systems.

Overhuset, Senatet, består av 13 oppnemnde medlemmar. Senatorane blir oppnemnde av generalguvernøren etter samråd med statsministeren og opposisjonsleiaren. Regjeringa oppnemner ti senatorar og opposisjonen tre.Martin, John Angus: «Parliament», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 184-185. Valperioden er fem år.

Partisystem mini|Tillman Thomas frå National Democratic Congress var statsminister 2008–2013 Frå 1950-talet var politikken dominert av to parti, der Grenada United Labour Party (GULP) og Grenada National Party (GNP) kjempa mot kvarandre om regjeringsmakta. På 1970-talet kom New Jewel Movement til. Dette var det einaste lovlege partiet i landet etter kuppet i 1979.Martin, John Angus: «Political parties», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 197-198.

Etter at fleirpartidemokrati vart blei gjeninnført etter invasjonen i 1983, konkurrerte fem til sju parti ved vala.Martin, John Angus: «Political parties», i A–Z of Grenada Heritage, Oxford: Macmillan Caribbean, 2007, s. 197-198. Frå slutten av 1990-åra har to parti vore dominerande, New National Party (NNP) og National Democratic Congress (NDC).

I 1999 fekk NNP under leiing av Keith Mitchell 62 % av stemmane og vann alle seta i underhuset. NNP heldt på regjeringsmakta til 2008 då NDC med partileiar Tillman Thomas vann 51 % av stemmane og 11 av 15 sete, mot 48 % og fire sete for NNP. I 2013 vende NNP og Mitchell tilbake til regjeringsmakta etter eit val der NNP fekk 59 % av stemmane og vann alle dei 15 seta i underhuset. NDC fekk 41 % av stemmane, men ingen representantar.

Administrativ inndeling mini|Hovudauga er inndelt i seks prestegjeld.