Jan Brueghel den eldre () var ein nederlandsk målar fødd i Brussel. Han måla blomar, landskap og Edens hage i emaljeliknande måleri, noko som gav han tilnamnet «Fløyels-Bruegel». Pieter Bruegel den eldre var far hans. Også sønene Jan Bruegel den yngre og Ambrosius Bruegel var målarar.

Liv og gjerning mini|venstre|'Allegori over luktesansen', 1618 mini|'Fiskemarknaden', 1603 mini|'Bukett i ein leirvase', mellom 1599 og 1607 Bruegel var, etter først å ha vorte rettleia av mormora, miniatyrmålaren Marie Verhulst, elev av Peeter Goetkint den eldre i Antwerpen. Etter å ha vore i Italia i fem år, 1590-95, busette han seg i Antwerpen. Han laga ei stor mengde av sirleg måla landskapsbilete i lite format. Bileta var rikt utstyrt med mange menneskefigurar og dyr, ofte måla i ein blågrøn fargetone. Måleria veksla både mellom bibelske og mytologiske motiv, samt scener or det samtidige kvardagslivet. Han var også ein framifrå stilleben-målar, der han framom alt måla blomar i vasar.

Ved sida av si eiga produktive verksemd, samarbeidde Bruegel med andre målarar, mellom anna med sin nære ven Peter Paul Rubens. Til dømes måla han landskapet og blomsterkorga i Rubens sitt måleri Dei tre gratiene. Evnene hans som figurmålar gjorde at han bidrog med måling av staffasjefigurar på bileta til andre nære kjenningar i målarlauget. Til dømes måla Bruegel ofte figurar i Joos de Momper sine landskapsbilete. På andre sida måla Rubens, Hendrik van Balen og andre målarar av og til figurane i Bruegels eigne landskap.

Daniel Seghers var elev av Bruegel.

Jan Bruegel den eldre døydde i 1625 i Antwerpen av kolera, til liks med tre av borna hans.

Verk i utval Elvelandskap, 1607 Bønder på veg til marknaden, 1607 Landskap med bondegardar, 1609 Vase med blomar og insekt Edens hage, ca. 1620

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jan Brueghel der Ältere» frå , den 24. april 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nederlandske målarar Kategori:Målarar frå 1600-talet