Anders Martinus Erdal () var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsrepresentant frå Førde i Sunnfjord.

Erdal var lærar og klokkar i Naustdal frå 1888 til 1923. Han kjøpte eit gardsbruk sentralt i bygda og dreiv dette ved sidan av lærargjerninga. Erdal var også ordførar i Naustdal og leiar av den lokale sparebanken. Han skipa eit branntrygdelag og stilte seg i spissen for å skipe folkehøgskulen Sunnfjord Ungdomsskule, der han var styreformann i 20 år. Også formann i Sunnfjord indremisjon i 16 år. Perioden 1916-18 var Erdal varamann til Stortinget frå einmnansskrinsen Sunnfjord. Valbolken 1919-21 var han Nordre Bergenhus sin 4. representant på Stortinget, vald for Venstre.

Kjelder Norsk Allkunnebok, IV.bandet, 1952-53

Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Norske pedagogar Kategori:Norske bankfolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Naustdal Kategori:Folk frå Førde Kategori:Folk frå Naustdal