Nikolaj Aleksandrovitsj Berdjajev () var ein russisk-fransk idéhistorikar og filosof, fødd i Kiev i Ukraina, død i Clamart i Frankrike. Han skreiv dei fleste av dei viktige bøkene sine i Berlin og Paris etter å ha vorte utvist frå Sovjetunionen i 1922. Bøkene hans er omsette til mange europeiske språk og fekk ei mengd lesarar. Boka Den russiske idé frå 1947, som òg ligg føre på norsk, vart den siste han skreiv.

Litteratur Berdjajev, Nikolaj. 2012. Den russiske idé : Grunnleggende problemer i russisk tenkning på 1800-tallet og begynnelsen av 1900-tallet. Omsett til norsk av Torgeir Bøhler, innleiing av Pål Kolstø, personregister og forklårande notar. Oslo 2012: Solum Forlag. ISBN 978-82560-1704-1

Kategori:Folk frå Kiev Kategori:Russiske filosofar Kategori:Ukrainske forfattarar Kategori:Filosofar på 1900-talet