Melchior Lorck eller Melchior Lorichs (fødd ca. 1527 i Flensburg i hertugdømet Slesvig, død 1588 i København) var ein tysk-dansk multikunstnar. Han hadde ei omfattande kunstnarisk verksemd som den danske kunsthistorikaren og forfattaren Erik Fischer beskriv såleis: «han var digter, opdagelsesrejsende, forfatter af etnografiske beskrivelser, kartograf, maler, tegner, grafiker, arkitekt, guldsmed, festarrangør; han var en adelsmand i kongelig og kejserlig tjeneste, havde venskabelige og bidragydende tilknytninger til tidens humanistiske videnskabsmiljø, var muligvis tillige diplomat.»Erik Fischer: Melchior Lorck en dansk vagants levnedsløb i det 16. aarhundrede frå Tidsskrift.dk /Internet Archive

Lorck er rekna for ein av dei store teiknarane i renessansen og den første viktige grafikaren knytt til dansk kunsthistorie.

Liv og virke Lorck var frå ein gamal adelsfamilie i Flensburg, faren var fut og rådmann og ein kjenning av Kristian III. Kongen tilbydde seg å finansiere utdanninga hans mot at han seinare kom att for å arbeide som kunstnar ved hoffet.Melchior Lorck frå Statens Museum for Kunst mini|venstre|Portrett av sultan Suleiman den store frå 1559 av Melchior Lorck. Koparstikk 406 x 287 mm tilhøyrer Statens Museum for Kunst i København mini|Lorcks portrett av Fredrik II.”Melchior Loricks ad vivum delineabat Ao 1580 / Et in cere sculpebat Ao 1582” (”Melchior Lorck teikna dette etter levande modell i 1580 – og stakk det i 1582”).450 x 320 mmTilhøyrer Statens Museum for KunstAt brande Frederik 2. Om Melchior Lorcks kobberstik-portræt af Frederik 2. Lorck var i ein periode lærling ved ein gullsmedverkstad i Lübeck og vitja dei leiande kunstsentera i Tyskland, Nederlanda og Italia. Da han hadde brukt opp pengane han hadde fått frå Kristian III vende han ikkje attende slik han hadde lova.

I 1555 vart Lorck tilsett hos den tyske keisaren Ferdinand I i Wien. Keisaren sende han med på ei reise til Det osmanske riket og fram til 1559 vart han i tre og eit halvt år knytt til den keisarlege tyske ambassaden hos Süleyman I i det daverande Konstantinopel. Oppgåva til Lorck var å skildre livet til dei som budde der og på det viset auke Vestens kjennskap til tyrkisk kultur.

Etter at Melchior Lorch kom heim slo han seg ned i Wien. Han arbeidde på skissene han hadde utført i Tyrkia. Han utførte eit ca. 12 meter langt prospekt som sidan 1599 har vore i Leiden. Dei to store koparstikka med portrett av Süleyman I den store og den persiske utsendingen i Konstantinopel vart utført i dei kommande åra.

Til saman vart det 128 tresnitt frå reisa til Lorck, og meininga var at han skulle gje dei ut i ei bok. Det vart ikkje noko av i levetida hans og boka – Tyrkerværket – kom ut først i 1626.

Lorck reiste frå Wien og kom til København. Den 19. februar 1580 vart han tilsett som hoffmålar hos Fredrik II. Ein kjenner ikkje mykje til arbeida hans for kongen med unntak av eit koparstikk av kongen, eit måleri og eit tresnitt som ser ut til å ha vore tenkt nytta til Elefantordenen. Den siste betalinga til han er datert 4. mars 1583.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Verk av Lorck hos Statens Museum for Kunst

Kategori:Fødde i 1527 Kategori:Døde i 1588 Kategori:Folk frå Flensburg Kategori:Danske målarar Kategori:Tyske målarar