Nils Johan Rud () var ein norsk skjønnlitterær forfattar og redaktør. Han var fødd i Ringsaker i Hedmark, men slo seg ned i Asker i Akershus som attenåring og budde der livet ut. Rud står sentralt i den norske 1900-talslitteraturen, ikkje berre som forfattar, men òg som redaktør, og er sett på som ein av dei store stilistane i norsk novellekunst.

Rud var ikkje meir enn knapt tjue år gamal då han fekk utgjeve barneboka Gutter på skoggang, men romanen Vi skal ha et barn vart refusert av forlaga i Noreg, men vart utgjeve i Sverige, der boka vart godt motteken. Etter ei tid kom boka og ut i Noreg, på Fram Forlag, etter at Erling Falk hadde teke kontakt med Rud og gjeve han 400 kroner for dette. Boka var ei realistisk skildring av arbeidsledig ungdom, som var et tema Rud hadde god kunnskap om etter eigne røynsler frå oppveksten. Men boka vart knapt omtalt i dagspressa, sjølv ikkje i arbeidarrørslas eige Arbeiderbladet med meir enn ein notis, då boka vart rekna i desse tidene for å vere meir pornografisk enn godt var. Men likevel kom det etter dette ut ei bok så å seie kvart einaste år frå Ruds hand. Særleg dei første bøkene syner det sterke engasjementet Rud hadde for at det skulle verte sosial rettferd i Noreg.

Kunstnarisk var det i novellene at Rud synte seg som ein framifrå diktar. Han hadde grepet om den enkle, stramme forma som kjenneteiknar ei god novelle, og nådde store høgder som stilist og ordkunstnar.

Novellekunsten dyrka han i bladet Magasinet for Alle (som opphavleg heitte Arbeidermagasinet), vanlegvis berre kalla Magasinet, der han var redaktør frå 1932 til bladet gjekk inn i 1970. Fleire forfattarar som seinare vart vidgjetne, som til dømes Agnar Mykle, Kåre Holt, Kjell Askildsen, Bjørg Vik, Alf Prøysen, Tor Jonsson og Arthur Omre, har fått det første arbeidet sitt på prent her. Ettersom det ikkje var vanleg å gje ut novellesamlingar som bøker på denne tida, var det Rud, som ved hjelp av Magasinet, heldt liv i novellekunsten i alle desse åra. Det er sagt at Rud las alle manuskript som kom inn, til saman om lag hundre tusen manuskript i dei åra han var redaktør for Magasinet, og at svara alle. Han gav gode råd og oppmuntrande kommentarar, men var òg streng.

Rud fekk Statens kunstnarløn frå 1961.

Prisar og utmerkingar

I 1947 vann Nils Johan Rud Gyldendals legat. I 1972 vart han riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 1979 vann han Doblougprisen. I 1987 vart han tildelt Norsk kulturråds ærespris. I 1988 fekk han Alf Prøysens Ærespris.

Bøker av Nils Johan Rud

Barnebøker: Gutter på skoggang, 1928 Karsemne, 1930 Skaugumtrollet, 1931 Tusser og troll, 1934 Stifinner, 1935 Et riktig mannfolk, 1936

Romaner: Vi skal ha et barn, 1933 Så stjeler vi et fattighus 1934 Jeg er ingen proletar, 1935 Alle tiders største, 1936 Jakten og kvinnen, 1939 (ill. utg. 1978) Drivende grenser, 1941 Fredens sønner, 1947 Vi var jordens elskere, 1949 Piggtråden blomstrer, 1954 Ettersøkte er atten år, 1958 Min ungdom var en annens, 1963 (ny utgåve i 1983) Brønnen, 1971 Evjene, 1975 Ekko i det gamle tun, 1982 Spinnehjulet, 1986 Det har ventet på deg, 1988 En fremmed i speilet, 1993

Noveller, essays, eventyr og kortprosa: Fri jord, 1945 Både vinter og vår, 1952 I eventyrskog, 1955 Det var en lørdag aften, 1959 Ørretsommer og rypehøst, 1961 Veier for fot, 1967 Eros leker, 1969 Noveller i utvalg, 1972 Av et halvt hundre år, 1973 Breen blomstrer, 1980 Fra alder til alder, 1985 Gammel manns høysang, 1990

Kjelder

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå Hedmark Kategori:Forfattarar frå Akershus Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Ringsaker Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Vinnarar av Alf Prøysens Ærespris