Duarte Lobo () var ein portugisisk komponist i seinrenessansen og den tidlege barokken. Han var den mest vidkjende portugisiske komponisten i si tid. Saman med Felipe de Megalhães, Manuel Cardoso og kong João IV av Portugal er han rekna som ein representant for «gullalderen» i portugisisk polyfoni.

Liv Lite er kjent om livet åt Duarte Lobo. Han vart fødd i Alcáçovas kring 1565 og det er kjent at han studerte med Manuel Mendes i Évora. Den første stillinga hans var som maestro de capilla i domkyrkja i Évora. I 1594 var han maestro de capilla i domkyrkja i Lisboa. Han underviste òg i musikk ved Colégio da Claustra da Sé i Lisboa, og i eldre år var var han rektor for eit seminarium i same byen.

Verk Sjølv om Lobo kronologisk sett levde langt inn i barokken, var han som komponist tydeleg forankra i seinrenessansens palestrinastil gjennom heile livet sitt — som ventande i eit musikalsk konservativt område som var isolert frå dei progressive musikkrørslene i land som Italia og Tyskland. Han gav ut seks bøker med katolsk kyrkjemusikk, inkludert messer, responsorium, antifonar, magnificatar og motettar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Duarte Lobo» frå , den 17. juli 2005.

Kategori:Renessansekomponistar Kategori:Portugisiske komponistar Kategori:Komponistar frå 1500-talet Kategori:Komponistar frå 1600-talet