Vaxholm er ein by og kommunesenter i Vaxholm kommun i Stockholms län i Sverige. Han ligg i Stockholms skjergard. Namnet Vaxholm kjem frå Vaxholm slott, som vart bygt i 1549 på ein holme ved innløpet til Stockholm av kong Gustav Vasa.

Av historiske årsaker har Vaxholm alltid vorte kalla ein «stad» (by), trass i at han har hatt få innbyggjarar. I 2010 budde det 4857 innbyggjarar her. Vaxholm kommun vert derfor ofte kalla Vaxholms stad og omfattar 64 holmar i skjergarden.

Historie mini|venstre|Vaxholm slott (Kastellet). Byen Vaxholm vart grunnlagd i 1558, då kong Gustav Vasa kjøpte nokre gardar her frå grev Per Brahe den eldre. Han fekk seinare rettar som kjøpstad (köping) og i 1652 fekk han kongeleg privilegium.

På 1800-talet voks byen lite. I 1880-åra vart han ein populær kurstad og det vart bygd mange sommarhus her av folk frå Stockholm.

Det var først i 1912 at ein tillegg husa i byen å verte bygd frå andre material enn tre, noko som har gjeve byen ein særeigen utsjånad.

Galleri 800px|mini|centre|Panorama

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vaxholm» frå , den 8. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Vaxholm - offisiell nettstad Biletgalleri

Kategori:Stockholms skjergard Kategori:Tettstader i Stockholms län Kategori:Byar i Sverige Kategori:Vaxholms kommun 7