Kesusjön er ein innsjø 10 km vest for Ljungdalen i Berg kommune i det nordvestlege Härjedalen. Rundt innsjøen ligg det mange hytter, samt serveringsstaden Kesubon. Kesusjön har ingen vegsamband, då vegnettet stopper i Kläppen nokre kilometer lengre aust. Gjennom Kesusjön renn Kesuån, som Ljungen tar med seg nokon kilometer lengre nedstrøms. På vinterstid er det snøscooter- og skiløyper frå Ljungdalen og Kläppen til Kesusjön. Det er røye, og noko aure, i innsjøen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kesusjön» frå , den 14. juni 2012.
Bakgrunnsstoff Informasjon om sjøen på Ljungdalsfjällen si heimeside.
Kategori:Innsjøar i Härjedalen